Hordaland RV på Fylkestinget - valgprogram 2003-2007

Kva RV gjorde på Fylkestinget 1999-2003

På fylkestinget 1999-2003 har RV mellom anna:

  • gått i mot at staten overtok styringa og eigarskapet av sjukehussektoren fordi vi ønsker full offentleg og politisk styring av helsevesenet.
  • Kjempa i mot nedlegging av fødetilbodet ved Storken, Haukeland Universitetssjukehus og i mot nedlegging av lokalsjukehus og avdelingar på Voss, Stord og Odda.
  • Hatt eit tett og godt samarbeid med brukarorganisasjonar for å styrka og ivareta transportordninga for rørslehemma.
  • Gått i spissen saman med elevorganisasjon mot samanslåinga av vidaregåande skular i fylket.
  • Stått fast ved tidlegare vedtak om utbygging av vidaregåande skular, som det einaste partiet.
  • Vore ein pådrivar for å oppretthalde gratis skuleskyss.
  • Fremma forslag om å få fylkeskommunane til å sei nei til krigen mot Irak.
  • Fremma fleire forslag for å styrka kollektivtransport gjennom lågare pris og auka investering ?for fortsette ?med kvalitetsavtalar med selskap og mot anbodsutsetting.
  • Komme med framlegg om gratis skulebøker i dei vidaregåande skulane i Hordaland.
  • Oppretting av familievernkontoret på Stord.
  • Krav om livsnøytrale helsestasjonar for ungdom, samt kutta i stønaden til Alternativ til abort i Noreg ( AAN).
  • Fremma krav om tariffavtale for dei tilsette ved pasienthotellet på Haukeland.
  • Føreslått å auka og betra vegvedlikehaldet i staden for nye prestige prosjekt.
  • Hardangerbrufondet skal oppløysast g midlane skal nyttast til rastrygging og næringsutvikling i Hardanger.
  • Fremma forslag om prøveprosjekt med 6-timars normalarbeidsdag.
  • Fremma forslag om at fylkeskommunen skal få større løyvingar frå staten, slik at det er meir samsvar mellom faktiske utgifter og folk sine velferdskrav.