Hordaland RV på Fylkestinget - valgprogram 2003-2007

Kultur og idrett: Eit rikt, variert og folkeleg kulturliv

RV vil arbeida for eit rikt, variert og folkeleg kulturliv. 

På Fylkestinget vil RV:

  • Føreslå auka offentleg stønad til frivillige organisasjonar innan idrett, musikk, kunst og teater. Særskilt skal ein auka stønad til barne- og ungdomsorganisasjonar.
  • Føreslå auka løyvingar til innvandrarorganisasjonar og fleirkulturelle tiltak.
  • Føreslå auka offentleg stønad til kulturminnevern og landskapsvern.
  • Føreslå å oppretta eit fylkeskommunalt utsmykkingsfond. 1,2% av byggekostnadene ved nybygg i regi av fylkeskommunen skal gå til utsmykking. Ein skal i stor grad prøve å nytta lokale kunstnarar til utsmykking av offentleg bygg og anlegg.
  • Arbeida for at musea framleis skal vera eigd og driven av det offentlege.
  • Arbeida mot at musea vert gjort om til stiftingar.
  • Ein må styrkja bibliotektenesta, RV vil arbeida for at skulebiblioteka ved dei vidaregåande skulane vert styrka og at fylkeskommunane må ta sitt overordna ansvar for biblioteksektoren alvorleg og legge til rette for ei styrking av biblioteka i Hordaland. Framleis drift av bibliotekbåten.
  • Krevje at staten aukar løyvingane til den kulturelle skulesekken.
  • Krevje at dei fylkeskommunale utbyggingsplanane for idrettsanlegg må følgjast og ikkje trenerast som følgje av ein trong økonomi.