Hordaland RV på Fylkestinget - valgprogram 2003-2007

Helse: Staten skal ikkje tena pengar på helse

RV ønskjar å reversere sjukehusreforma. Vi ønskjar at fylkeskommunen ikkje staten skal vera eigar og drivar av sjukehusa. Årsaka til dette er at RV meiner at ein viktig sektor som helse må vera underlagt full folkevalt kontroll og innsyn. I dag vert sjukehussektoren styrt ut i frå marknadsøkonomiske avvegingar i lukka styrerom. Helse kostar, det skal ikkje vera noko staten skal tena pengar på! 

På Fylkestinget vil RV:

  • Arbeida for at sjukehussektoren igjen vert lagt under folkevaltkontroll, helst ved at fylkeskommunen vert eigar og drivar av sjukehusa.
  • Arbeida mot nedlegging av lokalsjukehus. Avdelingar, akuttberedskap og fødeavdelingane må bestå og heller utvida ved eit samspel mellom små og store sjukehus.