Hordaland RV på Fylkestinget - valgprogram 2003-2007

Innleiing: RV har samfunnsendring som mål

Raud Valallianse skil seg frå dei fleste andre partia ved at vi har grunnleggjande samfunnsendring som mål. Til liks med mange andre ser vi at ressursar og rikdomar er fundamentalt ulikt fordelt mellom samfunns- og folkegrupper, mellom regionar, land og statar og mellom kvinner og menn. Vårt mål er å endra på dette. Denne endringa kallar vi ein sosialistisk revolusjon. Vi ynskjer å skapa eit samfunn der menneska i fellesskap har kontroll over eigne ressursar og over fruktene av eiga verdiskaping og der omsynet til menneske og miljø vert sett fremst. Eit slikt langsett mål får også mykje å seia for måten vi arbeider på med konkrete einskildsaker i dag. I det daglege arbeid har vi har som målsetjing å setja lojalitet ovanfor folk flest fremst.

RV meiner at folk sjølv er betre eigna til å avgjere viktige saker enn pengefolk og byråkratar. RV meiner at deltaking og aksjonisme ikkje ?uroar? demokratiet, men er sjølve kjernen i det. RV støtter tiltak som vil auke folkeleg deltaking. RV er imot overføring av makt og saksfelt frå folkevalte organ til lukka styrerom. Makt må flyttast andre vegen ? frå dei lukka bakrom der byråkratar, bedriftstoppar og marknadskrefter rår, og ut i organ der det er folkevalt styring. RV arbeider derfor på grunnlag av dei demokratiske rettane som folket har vunne og med basis i dei demokratiske institusjonane som finns. RV vil forsvara dei folkevalde institusjonane mot innskrenking i reell makt og mynde, og arbeida for å utvida dei demokratiske rettane til folk flest, jamfør til dømes innsyn i offentleg saksførehaving og informasjon.