Torstein svarer på spørsmål fra Strilen
Torstein svarer på spørsmål fra Strilen, stortingsvalkampen 2001.
18.01.2005 14:14
Spørsmål: Nemn den viktigaste saka for Nordhordland du vil jobba for den komande fireårsperioden dersom du kjem inn?
Svar: På Stortinget vil RV arbeide for å styrkje kommuneøkonomien slik at kommunane i Nordhordland vert i stand til å gjere ein god jobb for innbyggjarane sine. Eg har sendt brev til alle ordførarane i Nordhordland og oppmoda dei om å sende meg materiale om den økonomiske stoda i kommunen, slik at eg kan være førebudd til å ta opp i Stortinget sin finanskomité dei økonomiske spørsmåla som er viktige for den kommunen. Dersom eg kjem inn på Stortinget vil eg bli plassert i Finanskomitéen, og kommuneøkonomi blir hovudoppgåva mi der. Eg har fått materiale frå Austrheim og Meland, og eg ser fram til å få liknande materiale frå dei andre kommunane.
Vi vil også arbeide for å opprette eit senter for spesialisthelsetenester på Knarvik. som er ei av dei sakene som RV har arbeidd med i mange år.

Spørsmål: Går du inn for påfyll av midlar til "eldrepakken", slik at alle kommunane får gjennomført sine planar for omsorgsbustader/einsengsrom på sjukeheimane?
Svar: Ja, vi går inn for påfyll. Kommunane vert haldne for narr dersom det ikkje skjer. Det er òg svært viktig å auke tilskota til investering og drift per plass. RV ønskjer òg å styrkje kommuneøkonomien generelt for å få ei betre eldromsorg.

Spørsmål: Korleis prioriterer du riksvegmidlar i Nordhordaland i Transportplan-perioden fram til 2011?
Svar: To hovudsaker for meg er å få på plass snarast råd vegen frå Klauvaneset til Forvatn ved Nyborg i Åsane m/tunnel, og å få statleg finansiering av det som har vært lagt fram som "Bompengepakka i Nordhordland". RV kan ikkje gå inn for at folk sjølv skal dekkje dette gjennom bompengar. Når det gjeld den konkrete prioriteringa mellom ulike prosjekt i Nordhordland, vil eg drøfte dette i møte med folk i Nordhordlands-kommunane før eg kan si meir.

Spørsmål: Korleis stiller du deg til byggjing av gasskraftverk?
Svar: RV er mot byggjing av gasskraftverk.
Spørsmål: Går du inn for nedlegging av fylkeskommunen?
Svar: RV vil forsvare fylkeskommunen av di vi meiner det er trong for eit folkevalt organ for ei eining som Hordaland. Men fylkeskommunen må få nok pengar til å kunne gjere ein god jobb. Og vi ønskjer reformer for å gjere han meir demokratisk.

Spørsmål: Kva innslagspunkt vil du ha for toppskatten?
Svar: RV er mot at arbeidsinntekter på eit nivå som mange har, skal skattleggjast med toppskatt. Vi vil at innslagspunktet skal liggje på 350 000, og at inntekter over dette må skattleggjast hardare. Men RV vil at arbeidsinntekter OG kapitalinntekter skal gå inn i grunnlaget for toppskatten.

Med venleg helsing,
Torstein Dahle, stortingskandidat for RV i Hordaland