Snu ryggen til Høgre og AP
Snu ryggen til Høgre og AP - dei er på same lag for dei rike.
Lesarinnlegg av Sigurd Solberg, 2001.
18.01.2005 14:13
Folk må ikkje la seg lure av raske vallovnader om betre velferd eller betre skule frå liksom-rivalane Høgre og AP. Sjå på kva dei gjer - kva dei båe har satsa tungt på i mange år, saman. Det dei har spelt ut etter juni i år er berre taktisk finting.

Båe partia er samde om at satsinga på marknaden skal halda fram - at det skal ryddast plass for privat rikdom og at offentleg sektor skal haldast på eit lågt nivå. Partia har lenge vore dei som vil gje minst til kommunane - og var heilt samde om rammene no i juni (kommune-proposisjonen) Båe vil "effektivisera" kommunane kraftig, sjølv om Kommunenes Sentralforbund har synt at meir enn 85% av kommunane ikkje kan gjera noko slikt utan å kutte i tenestene.

Båe partia - og Frp -sto saman om den statlege overtakinga og innleiande privatiseringa av sjukehusa. Båe partia har vore drivande for å privatisera Statoil og selja norske felles-verdiar ut. Båe partia vil privatisera Statkraft og la heimfallsretten forsvinne (på grunn av EØS medlemskapen) - slik at også dei norske elkraftverdiar vert selt ut. Båe partia vil melde Noreg inn i EU straks det byr seg eit høve.

Både partia vil halde fram med rovdrifta på oljeressursane og båe partia vil byggje gasskraftverk - slik oljeselskapa og dei store energikonserna ynskjer.

La deg ikkje lure av at partia er ulike i form. Høgre er meir ope kynisk, seier at det er greitt at nokre er rike og andre fattige. Høgre er aksjespekulantane og dei nyrike sitt parti. Ap har eit velutvikla nyspråk, seier velferd - men gjer det motsette. Ap har god kontroll med fagrørsla, og kan køyra konsekvent, langsiktig omstilling til meir marknad utan open konflikt. Ap er milliardærane og dei store selskapa sitt parti.

Denne valkampen har so langt mest ikkje rørt ved dei viktigaste spørsmåla for vanlege folk. Alliansen For Velferdsstaten, der fleire store norske organisasjonar er med (mellom anna Norsk Kommuneforbund som den største) har kome med ei rekke krav som går på omfordeling frå marknad til velferd og avgrensing av skadane som marknadsliberalismen har skapt. Dette er krav som går lenger enn berre litt skattelette, det er grunnleggande endringar som er naudsynt. Det er krav som råkar Ap-leiinga med full tyngde (og for så vidt alle dei tre regjeringsalternativa det vert snakka om).

Det endrar ingenting når Trond Giske kjem med nye underfinansierte hjelpepakkar til kommunane eller Jørgen Kosmo gjev mellombels konsesjonar til fagrørsla om lågare fart i omstillinga til meir marknad. Det trengs ein alternativ politikk som utfordrar marknads-satsinga. RV har ein slik politikk. Og i Hordaland har RV ein av dei dyktigaste Stortings-kandidatane i landet, Torstein Dahle, som tør å utfordre marknadsliberalistane, som har kunnskapar nok til å sjå kva dei gjer - og som ser verden frå vanlige folk sin synsvinkel. Snu ryggen til høgresida, stem RV.

Sigurd Solberg
Hordaland RV