Det mest nærliggjande svaret er at politikken og politikarane ikkje engasjerer. Eg trur nemleg ikkje det er slik at folk ikkje bryr seg. Det folkelege engasjementet kjem meir på tross av enn på grunn av dei politiske løysningane som blir presentert for dei. Dessutan er det slik at det ikkje berre er politikarane som legg rammer for korleis folks kvardag er. Stadig meir av avgjerdene som påverkar kvardagen vår blir fatta bak stengde dører i Brussel, i styrerom til dei store konserna, dagligvarekjedene osv. Kva er da vitsen med å røyste? Og kva er eigentleg ulikskapen mellom dei ulike partia?
Raud Valallianse stiller på tross av alt dette til val i haust. Dette på tross av at vi ikkje trur at verda og Noreg vil bli ein betre stad berre fordi det kan kome inn ein RV representant på Stortinget. Det blir ikkje betre miljø, meir toleranse i samfunnet, meir til barn og unge først eller betre kår for dei eldre. Vi vil jobba for det, men verda forandras enklast ved eit bredt folkeleg engasjement utanfor dei parlamentariske veggene, som vi kan jobbe saman med.
Det som skil RV frå dei andre partia, er at vi ikkje lovar at alt vil bli betre berre folk røyster på oss. Det vi derimot lovar er at vi skal stå på dei politiske prinsippa våre, og ikkje selgje sjela vår for ein politisk taburett. Vi er det einaste partiet på venstresida i norsk politikk som ikkje stiller til val for å kome i regjering. Vi stiller til val for å kunne vere folk i Bergen og Hordalands forlengja arm inn på Stortinget, for å kunne ta opp saker som opptek dere og for å stille politikarane får dei andre partia til ansvar for kva politikken deira fører til. Med RV på Stortinget vil politikken få ein eigen "Bigbrother" på innsida av Stortingsmurene! Vi håpar difor at fleire vil bruke den fjernkontrollen dei har på den politikken som blir ført i dag, og stille kanalen inn på RV til valet!
Stine Akre
Fylkessekretær
|
|