Kampen for lokalsjukehusa
Utsegn frå RV, 2001.
18.01.2005 13:55
RV meiner at alle har krav på et godt og trygt helsetilbod. Vi ønsker ei oppbygging, ikkje nedlegging, av norsk helsevesen. Vi vil ha eit godt og planlagt samspel mellom dei store sentrale sjukehusa og dei mindre lokale sjukehusa. La små sjukehus gje nye behandlingstilbod, bevar og styrk den lokale akuttberedskapen.

Med Ap og Frp i spissen vedtok Stortinget Sjukehusreforma i 2001. Sjukehusa vart statlege føretak. Marknaden skulle rydde opp, skape effektivitet, kvalitet og lønsemd. Stortinget sa fra seg den folkevalde kontrollen. Resultatet er at fødeavdelingar og akuttberedskap vert lagt ned, med forretningsmessige argument om at dei ikkje er lønsame nok. Dette rammer særskilt dei som bur i distriktsnoreg.

Ein fødsel skjer akutt - same kor planlagd han er. Saman med andre akutte tilstandar er fødslar dårlege utgangspunkt for "fritt sjukehusval". Slike ?kundar? går til nærmaste sjukehus. Om eit helseføretak legg ned eit lokalsjukehus, mister det ikkje "kundar". Nabosjukehuset får dei - så lenge "kunden" overlever transporten dit. Det gir auka overskot, mens folk får dårlegare fødselsomsorg og akuttberedskap, fordi folks helse blir rein forretning. Solidaritet og omsorg vik for butikk!

Det er folk sitt engasjement og krava dei har stilt som har tvunget fram at vi har eit helsevesen. Vi trur at dette engasjementet må til om vi vil ha tilbake lokalsjukehusa og gjera helsetilbodet til folk betre.