Sant og usant om sjukefråver
Lesarinnlegg 2001, Hordaland RV v. Sigurd Solberg
18.01.2005 13:54
Sigurd Solberg
Bergens Tidende brakte 7. august eit interessant oppslag om korleis partia på høgresida vil straffe folk økonomisk ved sjukefråver, opp til 15.000 kroner i året for ein langtidssjukmeldt hjelpepleiar. Argumentasjonen frå høgresida byggjer til ein viss grad på Sandman-utgreiinga, men etter kvart har det og kome sterke påstandar om eksplosjon i sjukefråver og om omfattande misbruk av sjukelønsordninga.

Dersom høgrepartia får gjennomført straffepolitikken sin, kan vi få det som i Sverige. Der ser ein no at folk går sjuke på jobb - til dei ikkje orkar meir og vert sjukmelde for lengre periodar. Men sjefar og høglønte kontorfolk vert sjølvsagt ikkje straffa, dei ordnar seg med ekstra lønsavtalar, heimearbeid, fleksitid o.l. Trur nokon at Jan Petersen, Kjell Magne Bondevik eller Lars Sponheim vil få karensdagar og nedsett løn dersom dei smittar kvarandre med influensa i ei ny regjering? Nei, det er dei lågtlønte og dei aller mest slitne som skal takast! Dei rikaste i samfunnet får full løn under sjukdom overalt i verda - det som er spesielt med den norske ordninga er at også arbeidsfolk får full løn!

Tal frå folketrygden kunne tyde på sterk auke i sjukefråveret. Problemet er at desse tala ikkje byggjer på statistikk frå bedrifter og arbeidsplassar, og i liten grad skil mellom ulike typar fråver. Når stadig fleire er i arbeid, er det klart at også talet på fråversdagar totalt sett aukar. Det har vore ei kraftig auke sidan 1993, men det året var jo også arbeidsløysa svært høg! Det er velkjend at når arbeidsløysa stig så fell sjukefråveret, og omvendt.

Meir detaljert statistikk for sjukefråver ligg føre fram til året 2000 både for industri (Næringslivets Hovedorganisasjon, NHO) og kommunal sektor (Kommunenes Sentralforbund, KS). Fråveret vert i slik statistikk målt som prosent av talet mogelege dagsverk. NHO sine tal syner at fråveret har auka noko dei siste 5 åra, frå det rekordlåge nivået i 1994. Men ser vi på gjennomsnittet for perioden frå 1979 til 2000, så vert biletet eit anna. Kvinnelege arbeidarar hadde 12 prosent sjukefråver i 2000, og 11,7 prosent i gjenomsnitt for perioden. For mannlege arbeidarar: 8,3 prosent i 2000 og 8,0 prosent i gjennomsnitt. For kvinnelege funksjonærar har auken vore litt større: 5,5 prosent i 2000, 4,6 prosent i gjennomsnitt. For mannlege funksjonærar derimot har utviklinga vore ganske flat: 3,0 prosent i 2000, nøyaktig det same som gjennomsnittet. Konklusjon: Vi har ingen eksplosjon i fråveret, men ei svingning attende til nivået på 80-talet.

Ser vi så på korttidsfråveret, i NHO-statistikken definert som fråver 3 dager og mindre, så har det stått omtrent stille dei siste åra. NHO-tabellar for 1993-2000 syner knapt målbare endringar i korttidsfråveret. I denne perioden har kvinnelege arbeidarar fått eit litt lågare korttidsfråver (frå 1,4 til 1,3 prosent), medan mannlege arbeidarar har hatt ein svak auke (frå 1,1 til 1,2 prosent). For funksjonærane ser det ikkje ut til å vera noko målbar endring (kvinner 0,8 prosent, menn 0,5 prosent).

KS-statistikken for tilsette i kommunar og fylkeskommunar (med unntak av Oslo) syner ein kraftig auke i sjukefråveret dei siste 6 åra. Men så og seie heile auken skuldast langtidsfråver. Fråversprosenten dei fyrste 2 vekene (1 til 10 dager) har stått omtrent stille: 3.kvartal 1994: 1,6 prosent. 3.kvartal 2000: 1,7 prosent.

Vi kan altså avgrense problemet til å gjelde sjukefråver over 2 veker, og særleg sjå på arbeidstakarar med låg løn og fysisk belastande arbeid. Det er ei relativt avgrensa gruppe med helselause personar vi snakkar om: omlag 5 prosent av arbeidstakarane står for 80 prosent av fråveret. Det som kan monne på statistikken og dei totale kostnadene er å leggje til rette for at folk med meir eller mindre kroniske helseplagar kan få halda fram i arbeidslivet. Det handlar om å redusere krava til effektivitet, betre arbeidsmiljøet, bremse ned på dei ustanselege omorganiseringane, og gje folk større kontroll med eige liv.

La oss slå fast: - Det er ingen grunn til generelle tiltak mot korttidsfråver, det er allereie lågt og stabilt.
- Det finst ikkje noko tal som tyder på at sjukelønsordninga vert misbrukt.
- Ei liberal ordning med eigenmelding ved kortidssjukefråver er bra både for helsa og helsevesenet, og naudsynt for å dempe langtidssjukefråveret.
- Vi må behalde ei rettferdig sjukelønsordning utan karensdagar eller reduserte utbetalingar!

Sigurd Solberg
Hordaland RV