Gasskraftverk feil svar på dei høge straumprisane
Innlegg i Hordaland 07.08.2001, v. Sigurd Solberg.
18.01.2005 13:44
Sigurd Solberg
RV i Hordaland reagerar sterkt på at Naturkraft AS no førebur seg på å realisere to forureinande gasskraftverk på Vestlandet, på Kollsnes og Kårstø. Naturkraft føler seg truleg trygge på at det nye Stortinget etter valet vil velsigne ei slik miljøpolitisk skandale.
Bygging av gasskraftverk er eit galt svar på dei stadig stigande kraftprisane. Dette gjeld både forureinande og CO2-frie gasskraftverk. Dei høge prisane - og dei sosiale konsekvensane av desse - bør møtast med eit to-pris-system for straum, slik vi kjenner det frå tidlegare.

Dette er også ei god miljøpolitisk løysing. Eit nøkternt grunnforbruk blir billig, eitkvart overforbruk blir dyrt. Overforbruket gjev eit incitament til å bruke elektrisk energi med omtanke: ikkje sløse, regulere temperatur betre, velje energieffektive installasjonar, velje bioenergi der dette er mogeleg. Grunnforbruket gjer at den viktigaste daglege energibruken vert rimeleg for folk flest. Overforbruksgrensa gjer at alt luksusforbruk og sløsande bruk av energi blir kostbar. Grensa kan gjerast avhengig av antal personar i husstanden og kunne til dømes vera 14.000 kWh for ein person, 18.000 kWh for to personar og 24.000 kWh for ein husstand med fire personar.

Bygging av norske gasskraftverk er heller ikkje fornuftig miljøpolitikk. Gasskraftverka vil få låg verknadsgrad på grunn av lokaliseringa (det trengs store mengder kjølevatn). Sjølv om verka skulle bli CO2-frie, blir framleis verknadsgraden svært låg. Og bygging av gasskraftverk vil indirekte få ein viktig, negativ miljøeffekt: dei vil fortrenge fornybare kraftformer.

Den store utfordringa i norsk energipolitikk er nettopp å leggja om til fornybare energiformer i stor stil. Noreg har eit realistisk potensiale for å realisera minst 45 TWh fornybar energi før 2015(vasskraftopprusting, vindkraft, varmepumpar, ENØK, spillvarme, bioenergi, solvarme og elnett-opprusting). Energireserven er nok i massevis til alt rimelig forbruk, industrisatsing og til utfasing av gasskraftverk på plattformene i Nordsjøen.

På Stortinget vil RV foreslå minimum 16 milliardar kroner over 4 år - 4 milliardar årleg i statsbudsjettet - til ei storsatsing på ENØK og fornybare energiformer. 16 milliardar tilsvarer den ekstra ramma som Stortinget rett før ferien gav til Statkraft for å letta deira oppkjøp i norske kraftselskap. ENØK og fornybar energi er det fornuftige svaret om vi skal ta klimaproblema på alvor og motvirke vidare vekst i energibruken.

Sigurd Solberg, leiar i Hordaland RV