Raud Valallianse (RV) i Hordaland reagerer sterkt på at Naturkraft AS no førebur seg på å realisere to forureinande gasskraftverk på Vestlandet, på Kollsnes og Kårstø. Dei føler seg truleg trygge på at det nye Stortinget etter valet vil velsigne ei slik miljøpolitisk skandale.
- Dette vil vi ikkje godta, seier Torstein Dahle, 1. kandidat på stortingslista i Hordaland. Byggjing av gasskraftverk er eit galt svar på dei stadig stigande kraftprisane. Dette gjeld både forureinande og CO2-frie gasskraftverk.
For å få redusert sløsing og luksusforbruk av elektrisitet, er det behov for å innføre eit toprissystem på straum, kombinert med storsatsing på energieffektivisering og utvikling av alternative fornybare energiformer.
- Det er behov for langt lågare kraftprisar til alminneleg, naudsynt forbruk og industrien - i motsatt fall vil vi oppleve ein straum til sosialkontora og arbeidskontora, hevdar Terje Kollbotn, energipolitisk talsperson i RV og 3. kandidat på stortingslista.
På Stortinget vil RV foreslå minimum 16 milliardar kroner over 4 år - 4 milliardar årleg i statsbudsjettet - til ei slik satsing. (Til samanlikning vart det ifjor satt av 90 millionar i enøk-tilskot over statsbudsjettet). 16 milliardar tilsvarer den ekstra ramma som Stortinget rett før ferien ga til Statkraft for å lette deira oppkjøpsiver i norske kraftselskap.
- Dette er vårt alternativ til bygging av dei forurensande gasskraftverka, ein slik satsing er naudsynt om vi skal ta klimaproblema på alvor og motverke fortsatt vekst i energibruken, seier Hilde Kalleklev, 4. kandidat og miljøpolitisk talsperson.
|
|