Kampen for gratis læremidlar held fram!
Utsegn frå Raud Ungdom, 2001
18.01.2005 13:39
I Lov om vidaregåande opplæring, § 3-1, står det: "Opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis". På tross av dette må elevane betale bøker og utstyr sjølv. For elevar som tar allmennfag tyder dette utgifter på omtrent 3.000 kroner årleg, på kokkelinja kjem prisen nærare 10.000 kroner (tall fra Elevorganisasjonen).

Som eit resultat av massivt press fra demonstrerande elevar har politikarar frå alle fløyer lova gratis lærebøker dei siste vala. Resultata har uteblitt. I 2001 vart 100 millioner bevilga til ein utlånsordning (dette utgjev berre 1/5 av de 500 millionane Utdanningsdepartementet sjølv har rekna ut at gratis lærebøker vil koste). I 2002 ble utlånsordningen trukken attende. Igjen går heile rekninga til elevane.

Kravet om gratis lærebøker handlar ikkje berre om skuleelevars økonomi. Det handlar om prinsippet om lik rett til kunnskap, som er ein av bærebjelkane i eit demokrati. Difor kan vi ikkje vente på at politikarane skal halde løftane sine. For kvart einaste år vi ikkje får gratis lærebøker betalar elevane rekninga. Det kan vi ikkje godta. Hausten 2001 aksjonerte difor Raud Ungdom og la skulebøkene på verdsveven til gratis nedlasting. Våren 2003 var det duka for rettssaka om gratis skulebøker. Raud Ungdom vart idømt 25 000 i bot og 100 000 i erstatning til Forleggerforeningen. Raud Ungdom anka på staden. Vi kan ikkje godta at ein politisk ?sivil ulydighets-aksjon? dømmast slik. Raud Valallanse støttar sin ungdomsorganisasjon i denne kampen, og vil på ny ta spørsmålet om gratis skulebøker opp i fylkestinga til hausten.