Kapital er ein viktig produksjonsfaktor i alle bedrifter. Ein produksjonsfaktor det var mangel på i dei fleste åra etter 2. verdskrig. Det har i alle år vore sterk stird om kven som burde ha styringa med denne viktige produksjonsfaktoren, samfunnet eller private eigarar. Samfunnet ønskte naturleg nok å kanalisere denne knappe ressursen dit det ut frå eit samfunnsmessig syn var mest tenleg. Private kapitaleigararar ønakte derimot å kanalisere kapitalen dit den ga høgst avkastning. Det var svært ofte det ikkje var samsvar mellom desse ønskja. Styringa av kapitalen dreier seg om kven som skal styra samfunnsutviklinga; private kapitaleigararar eller samfunnet. Vesntresida med Arbeiderpartiet i spissen hadde som uttalt mål å få kontroll med dei store forretningsbankane. Men det vart som med mykje anna berre med pratet heilt til dei på slutten av åttitalet i samband med den førre bankkrisa fekk nakane i fanget av seg sjølv. Men det var etter at Gro hadde teke over og avgjort at vi skulle inn i EU og i EU er som kj ent statleg eigarskap og styring av kapitalen fy-ord. For både Høgre og Arbeiderparitet var det derfor om å gjera å få kvitta seg med det meste av dette eigarskapet så snart som råd.
Det har tidlegare vore ei klar arbeidsdeling mellom offentleg og privat kapital. Det private næringslivet har vore den private kapitalen sin arena medan det offentlege har teke seg av skulevesen, helsevesen, eldreomsorg, elforsyning, vassforsyning, renovasjon, post, tele, jernbane, infrastruktur m.v. Det er eit klart skille mellom offentleg og privat kapital. For den private kapitalen er størst mogleg avkastning målet. Den offentlege verksemda kan ein dele i to. Ein del tenester som skule, helse og eldreomsrog vert i hovudsak finansiert over skattesetelen og skulle vera gratis for brukaren, men for andretenester som post, tele, jernbane, elforsyning, vassforsyning, renovasjon m.v. skulle brukaren betale det det kostar å produsere tenesta. Målet for verksenda var å levere innbyggjarane så rimelege tenester som mogleg. Det var nok at verksemda gjekk i balanse eller ga eit lite overskot.
Den private kapitalen søkjer størst mogleg avkastning. Men den private kapitalen opplever no at investeringar innanfor sin arena, det private næringslivet, ikkje lenger gir den store avkastninga. Det er for mykje kapital i høve til lønsame investeringsobjekt. Den private kapitalen ser seg derfor om etter andre arenaer å tene pengar på og har kasta augene sine på det som til no har vore det offentlege sine oppgåver. Moteordet no er konkurranseutsetting. VI får støtt og stadig høyra at alt offentleg er tungrodd, byråkratisk og kostbart medan privat verksemd er rasjonell, effektiv og billig. Dette har vorte teke opp att so ofte at det er i ferd med å bli ei sanning. Men det blir ikkje rettare av den grunn. Sanninga er at for offentleg verksemd er det nok at kostnadane vert dekte inn medan for privat verksemd må drifta i tillegg gi ei avkastning til eigarane. Ellers er det ingen som vil satsa pengar på det. Når det offentlege har teke seg av ein del tenester, har det vore for at tenestene skulle bli så rimelege som mogleg og dermed tilgjengelige for folk flest.
Dagens høgrepolitikk går ut på å strypa all offentleg verksemnd for å gi rom for privat profittkapital. Når det offentlege tilbodet som følje av svelteforinga blir dårleg nok, kjem kravet om at private må overta på grunn av offentleg dugløyse. Når dei offentlege tilboda er tilstrekkelege rasert vil prisane bli skrudd opp for å gi dei private kapitaleigarane den profitten dei er ute etter. Dette vil på sikt gi oss eit samfunn der dei med pengar kan kjøpa seg dei tenestene dei ønskjer på den private marknaden medan vi andre må nøya oss med eit andre eller tredjerangs offentleg tilbod. Det vil føre oss tilbake til det klassesamfunnet vi hadde i byrjinga av det førre århundret. Ønskjer vi ei smafunnsutvikling styrt av private kapitaleigarar ut frå ønskjet om mest mogleg profitt eller ønskjer vi eit solidarisk fellesskapssamfunn styrt av folket med det føremål å gi enskildmennesket mest mogleg like høve til å realisere sine evner og anlegg. Dersom folk ønskjer det siste må dei no vakna og krevja at politikkarane tek kontroll over samfunnsutveklinga og ikkje overlet meir og meir til kapitalkrefetene. Husk at til hausten er det val. Det er da du kan seie i frå.
Kristian Kjellstadli
RVs 1. kandidat i Ullensvang, 2003.
|
|