Det er ikkje vanskeleg å finna feildisposisjonar hjå NSB dei siste åra, til dømes nedlagte billettsal, manglande lokomotivbemanning og lite passande togtypar. Når varsla om mogeleg nedlegging av nattoga og nedtrapping av fjerntoga er komne no i år, er det freistande for mange å leggja heile skulda på NSB sjølve. Og NSB sine misstak har nok noko skuld. Men meir konkurranse og privatisering i drifta, som høgrepartia ynskjer seg, er feil medisin.
Hovudårsakene til at jernbanen har problem, er ikkje dumskap ? men at jernbanen er sultefora i mange år, samstundes som trafikken i lufta og på veg er liberalisert. Alle som fylgjer med på jernbanedrift kjenner til at investering og fornying i linjenettet i Norge ligg langt etter land vi likar å samanlikne oss med ? til dømes Sverige. Jernbanen får dårlege vilkår for å trekke til seg passasjerar. Når flyselskapa mest konkurrerar seg i hel med låge prisar, nye ekspressbussruter opnast parallelt med jernbanen og studentar reiser billegare med fly enn med tog (Stortingsvedtak, Statsbudsjettet), er det ikkje overraskande at trafikken på jernbanen går ned.
Konkurranseutsetting av jernbanedrifta, slik Regjeringa no ynskjer, kan kanskje gje nokre nye idear, nye ruteopplegg og annan prispolitikk. Men dette går det vel an å få til gjennom samtalar med og instruks til NSB også? Kvifor skulle dei som kan jernbanedrift ikkje vera interessert i nye idear? Konkurranseutsetting/ privatisering utgjer eit trugsmål mot den langsiktige drifta: det vert press på arbeidsvilkår (løn, pensjon, arbeidstid), jakt på lønsame bitar i trafikken og mindre heilskap i samtrafikken med andre transportørar. Det vert meir usikre jobbar, mindre motiverte folk, meir avbrot, mindre heilskap. Ein god teneste er i fare. Sjølv om Regjeringa heilt sikkert vil freiste å unngå dei skandaleprega jernbanerøynslene frå privatisering i England (ulukker, forsinka tog, ikkje samarbeid mellom om billettar) og Stockholm (innstilte tog, 2000), er konkurranseutsetting ikkje eit tiltak for å bygge ut ? men vert gjort med eit ynskje om å spare gjennom målretting og hardare utnytting. At resultatet lett blir dyrare og dårlegare tenester er ei anna sak.
Hovudtiltaket i jernbanekrisa i Norge bør være ei reell satsing på jernbanen, større ressursar til infrastruktur og drift ? fordi jernbanen er eit effektivt og miljøvenleg transportmiddel. Toget kan avløyse flytrafikken på fleire strekningar der det er trafikkmessig grunnlag for ny høgfarts bane. Toget kan avløyse biltrafikken på nærtsrekningar om lina har tidsmessig standard. Toget kan også flytta vekk mesteparten av den farlege og belastande trailertrafikken på strekningar der det går jernbaneline, til dømes mellom Bergen og Austlandet
Sigurd Solberg, Juli 2003
Hordaland RV.
|
|