Før jul stoppa all produksjon ved Odda Smelteverk A/S ? etter over 94 år. Dei amerikanske eigarane Phillip Brothers har no gjort det heilt klart at dei ikkje er interessert i å starte opp att noen form for produksjon i Odda.
Etter RV sitt syn har dei over lang tid dreve eit dobbeltspel ilag med den tyske konkurrenten Degussa bak ryggen på Odda-samfunnet. Dei har inngått avtalar som har sikra Degussa marknadskontroll i verda på både Dicy og CY-50, to av dei mest verdifulle produkta ved Odda Smelteverk. Bedrifta i Odda hadde 40% av Dicy-produksjonen i verda. Den framtidsretta CY-50-fabrikken i Odda vart demontert i hui og hast før jul og seld på billegsal til Degussa. Dette representerte eit tap av markedsverdiar på milliardbeløp for Odda.
Degussa har no tatt over både produksjon og marknad og drastisk heva prisane etter at dei fekk verdskontroll. Dette har og dei rike amerikanske eigarane av Phillip Brothers (og Odda Smelteverk) tent stort på.
Degussa er ein del av ein ekspansiv tysk kapitalgruppering, der gigaten E.ON står sentralt. Degussa er og kjende som eitt av dei mest kyniske kjemiske konserna i verda. No er det Odda samfunnet som er blitt offer for desse mektige kreftene sitt spel.
Årsmøtet i Hordaland RV krev difor:
- at det blir satt i verk full gransking av all kontakt og alle avtalar mellom Phillip Brothers og Degussa.
- regjering og storting grip inn og krev at eigaren, Phillip Brothers gjennom eit erstatningsoppgjer betalar Odda-samfunnet nok til å innfri alle krav frå dei tilsette, kommunen og lokale firma ? og ikke minst, nye aktivitetar og arbeidsplassar på den store smelteverkstomta.
|
|