Hordaland RV arrangerte torsdag 23. august ope møte om Ålvik-samfunnets framtid og kraft- og industripolitikk i Ålvik. På dette møtet kom det fram eit stort ønske om eit debattmøte mellom Arbeiderpartiet og RV i Ålvik, som kunne diskutera desse spørsmåla.
- Vi har arbeidet fagleg og politisk med desse spørsmåla i over 20 år, seier Terje Kollbotn 3.kandidat på Hordaland RV si stortingsliste. Vi vonar no på Arbeiderpartiet tørr å stille opp på ein debatt om framtida for industri- og kraftstadane i Hordaland.
Det siste året har vore prega av stor usikkerhet knyttet til framtida for Ålvik si hjørnesteinsbedrift, Bjølvefossen A/S. Elkem-ledelsens nedbyggningsstrategier, nye kraftavtaler og lokalsamfunnets framtid har alle vore framme i media.
- Det er ei skandale at ingen av stortingsrepresentantane frå Hordaland reiste saka om industrislakta i Ålvik i Stortinget i forrige periode, seier Torstein Dahle Hordaland RVs 1. kandidat til Stortinget. Arbeiderpartiets Frøiland og Akselsen har eit spesielt ansvar i denne samanhengen. Frøiland har vore og Akselsen er Olje og energiminister og har slik stor innflytelse på utveklinga av norsk kraft- og industripolitikk.
- Ålvikingene har krav på å få vite kva Arbeiderpartiets toppkandidatar i energifylket nr. 1 går inn for når det gjeld kraft- og industripolitikk i kommande stortingsperiode, seier Kollbotn. Det er viktig å få på bordet kva Arbeiderpartiet vil gjere for å trygge arbeidsplassane i Ålvik. Vi har difor invitert Akselsen og Frøiland til ein valduell på Folketshus i Ålvik, kvifor dag som helst før valet.
For meir informasjon kontakt
Hordaland Raud Valallianse
|
|