EØS og kraftrevolusjonen på 90-talet |
|
Kronikk i Klassekampen 30 april 1999, av Terje Kolbotn |
|
14.12.2004 12:06 |
|
|
|
Dei siste ti åra har det skjedd ein marknadsliberalistisk revolusjon i Noreg. Det starta får alvor i 1990, då regjeringa Syse la fram forslag til ny energilov etter initiativ frå olje- og energiminister Eivind reiten frå Senterpartiet. Stortinget slutta seg til denne lova utan større innvendingar i juni 1990.
Hovedinnhaldet var å definere energi som ei vare og leggje opp til at elektrisitet skulle bli produsert, distribuert og omsatt på kommersielle vilkår. Denne nye politikken var heilt i tråd med den nye utviklinga innan EU på slutten av 80-talet. Men elektrisitetslandet Noreg ønska å vere i forkant og bli europameister i kraftliberalisme. Då DNA-regjeringa overtok att i november 1990, vart denne politikken i all hovudsak vidareført av Stortinget.
Mellom anna vart Statkraft endra gjennm Stortings proposisjon 100 (1990-91) til å drive på forretningsmessige vilkår. Her skriv m.a. DNA-regjeringa: "Marknadsorienteringen av norsk kraftforsyning faller sammen med anstrengelsene internasjonalt for en friere omsetting av energi". I TB - fagbladet til Norsk Tjenestemannslag (NTL) kommenterte Landsforening 120 (LO_organiserte i Statskraft og NVE) utviklinga slik i januar 1993: "Vi konstaterer at det måtte en arbeiderpartiregjering til for å gjennomføre høyrebølgen i norsk kraftfrsyning". Dei peika m.a. på at regjeringa sin politikk m.a. hadde ført til at "statens muligheter til å bruke energipolitikken som et styringsredskap i industri- og energipolitikken er sterkt svekket". I 1992 trumfa DNA-regjeringa igjennom EØS-avtalen i Stortinget. Dette var ein omfattande avtale som steg for steg bind Noreg til EU sin økonomiske politikk og EU sitt omfattande lovverk. Dei ivrigaste EU/EØS-tilhengjarane, spesielt innan AP/LO-toppen, hevdastadig vekk at EØS avtalen ikkje omfatta energiområdet. Mange i fagrørsla beit på denne løgna. Men i EØS-avtalen - del 2 om det frie varebytte - er energi definert som ei vare (i artikkel 24 og diverse vedlegg 6). Og i regjeringa sin stortingsproposisjon om EØS-avtalen, St.prp. nr. 100 (1991-92), heiter det på side 164:
"En rekke bestemmelser i EØS-avtalen som angår markeds- og konkurranseforhold kan komme til anvendelse på energiområdet. Det gjelder i første rekke avtalens artikkel 4 med generelt forbud mot frskjellsbehandling på grunnlag av nasjonalitet, avtalens artikkel 11 g 12 som forbyr kvantitative begrensninger på import og eksport og alle tiltak med tilsvarende virkning, avtalens artikkel 16 som innebærer at statlige handlesmonopoler ikke skal kunne forskjellsbehandles på grunnlag av nasjonalitet, bestemmelsene om fri etableringsrett og frie kapitalbevegelser, samt prinsippet om ingen restriksjoner ved nasjonal behandling ved selskapsinvesteringer, nedfelt i artiklene 31, 34, 40 og 124, konkurransereglene i avtalens artikler 53-60 og statsstøttebestemmelsene i avtales artikeler 61-64".
EØS-avtalen legg m.a. opp til
adgang for energisselselskap innan EU til å kjøpe opp norske kraftverk.
adgang til storstilt krafteksport frå Noreg til energimarkanden i EU.
at Noreg lyt tilpasse seg til felles konkurransereglar i EU sin energimarknad.
straumprisar til den kraftkrevjande industrien, andre bedrifter, forbrukarar og offentleg drift i Noreg lyt etter kvart tilpasse seg til internasjonal marknadspris (europris).
undergraving og nedbuggjing av norske arbeidsplassar som er avhengig av konkurransefortrinnet rimeleg strøm.
auka press på å få bygd ut vassdrag i Noreg med langsiktig krafteksport til EU-land.
eit historisk brot med norsk kraft- og konsesjonspolitikk sidan 1906.
I Noreg har menneska nytta vasskraft som energikjelde heilt sidan oldtida. Vasshjulet, kvernkallen og seinare vass-saga har letta arbeidet for mange. Etter at det vart mogleg å forme om vasskrafta til elektrisk energi, starta den industrielle revolusjonen for alvor her i landet. Noreg hadde eit naturleg fortrinn i Europa med mange og høde fossefall, rikeleg med nedbør og isfrie havner i fjordane ved kysten. Etter at Noreg braut ut av unionen med Sverige i 1905, starta "elektrisitetens tidsalder" og "den nye arbeidsdagen". Gjennom utbyggjing av elektrokjemisk og elektrometallurgisk storindustri, utvikla Noreg seg frå eit fattig land til ein moderne industinasjon. Framveksten av den organiserte industriarbeidarklassen la grunnlaget for faglege og sosiale rettar og velferdstaten. Vassdrags- og industrikonsesjonslovene sørga for nasjonale omsyn, fortrinn og politisk styring. Vasskrafta var eit industirpolitisk verkemedel for industri -og distrikstsuttbyggjing, ikkje minst etter krigen. I dag opereer Statkraft i stadig større grad som ein internasjonal marknadsaktør og krafteksportør. Statkraft, Norsk krafteksport AS og EuroKraft har alt forhandla fram langsiktige kraftavtalar med tyske og nederlandske energigigantar og nye kraftkablat til EU vil vere i drift mellom 2002 og 2004.
|
|
|
På 90-talet er politisk styring gradvis blitt erstatta av marknadskreftene sitt frie spel på stadig flerie område. Det statlege politiske ansvaret innanfor både energi, industri, fiskeri, landbruk, samferdsel (inkludert post og telekommunikasjon) og distrikts-, miljø- og næringspolitikken elles er bygd ned og overført til private marknadsaktørar eller statskapitalistiske kommersielle foretak (som Telenor, Statoil og Statskraft). Dette er heilt i tråd med med grunnlaget, ideologien og dynamikken i EØS-avalen. EU-lova om fri flyt av kapital, varer, tenester og arbeidskraft skal gjelde i Noreg, sjøl om både den ekstraordinære LO-kongressen og folkefleritalet sa nei til EU-medlemsskap i 1994. Denne utviklinga er både i strid med norske historiske tradisjonar, forvaltninga av dei rike norske naturressursane og ikkje minst arbeiderrørsla sin opphavelege ideologi. Dette har i stor grad skjedd takka vere Arbeiderpartiet i regjeringsposisjon på mesteparten av 90-talet, med vekslande støtte frå FrP, Høgre og mellompartia. Kamp mot kapitalkreftene sitt profittjag og styring av kapitalen til fordel for fellesinteressene i samfunnet er eindel av det historiske grunnlaget for fagrørsla. Når LO i desse dagar feirar 100-jubileum, blir den marknadsøkonomiske revolusjonen i Noreg det siste tiåret i liten grad kommentert. Forklaringa er vel den at LO-leiinga og dei mest AP-lojale tillitsvalde elles i stor grad har velsigna eller godtatt denne utviklinga, ikkje minst EØS-avtalen. Har ein sagt A, får ein seie B, heiter det jo. Dermed får dei enkelte forbunda og lokale klubbar, fagforeiningar og tillitsvalde i stadig større grad i oppgåve å redusere skadeverknadene av den kapitalistiske utviklinga framfor i fellesskap å utfordre marknadskrefetene (ikkje minst innan AP sjøl) og endre makttilhøva til fordel for arbeidsfolket. Skal fagrørsla både i og utanfor LO igjen kunne kome på offensiven mot kapitalkreftene, trengs det eit grunnlaggjande oppgjer med heile EØS-avtalen. Fram mot LO-kongressen og stortingsvalet i 2001, lyt konsekvensane av og alternativa til denne kapitalistiske grunnlova bli nøye analysert og diskutert ute på arbeidsplassane og i lokalsamfunna. Kravet om at det nye Stortinget må seie opp EØS-avtalen og inngå ei ny frihandelsavtale med EU-landa må vekse i styrke dei neste to åra. I motsatt fall vil EU-tilhengjarane få eit sterkt kort på handai opinionen når EØS-kverna har malt lenge nok: Noreg lyt stadig tilpasse seg til EU sitt utvida lovverk utan å ha påverknad. Initiativet til ein reell omkamp om fullt norsk EU-medlemsskap vil kome so snart folkeopinionen har "mørna" lenge nok. Sidan hausten 1997 har Bondevik-regjeringa i stor grad vidareført EU-tilpasninga som Brundtland- og Jagland-regjeringa starta for alvor tidleg på 90-talet. Ei sokalla nei-regjering som lojalt regjerer og administrerer på grunnlag av EØS-avtalen, sviktar og svekkar bit for bit den breie folkelege motstanden mot norsk EU-tilknytning og undergrev norske interesser.
Før påske kome regjeringa med stortingsmelding 29 ("Om energipolitikken") og stortingsproposisjon 52 ("Om Statskraft industrikontrakter og leieavtaler"). To av dei tidlegare EØS-motstandarane, Marit Arnstad (SP) og Anne Enger Landstein (SP) er blitt houvedansvarlege for olje- og energipolitikken i regjeringa.
Desse to dokumenta, som Stortinget skal handsame i løpet av våren, er eit ukritisk knefall for EØS-avtalen og norsk EU-tilpasning på kraftsektoren.
I heiter det m.a.:"Nye kraftleveranser på myndighetsbestemte vilkår må tilpasses EØS-avtalen og en helhetlig energipolitikk. Kraftmarkedets rammevilkår og virkemåte er endret betydelig på 1990-tallet. EØS-avtalens statsstøtteregler tilsier at kraftleveranser på mydighetsbestemte vilkår baseres på mearkedsverdier." Regjeringa legg stor vekt på "å finne ordninger som er i samsvar med EØS-avtalen" og slår soleis fast: "En større grad av markedsbasert omsetning i de europeiske landene vil trolig innebære at kraftutvekslingenvil skje i hehold til markedspriserbåde i Norden og i Europa"- Og vidare "Alle dei nordiske land utgjør en del av det indre marked i EU/EØS. Et direktiv om felles regler for det indre marked for elektrisitet ble vedtatt i EU 19.desember 1996. For Norges vedkommende er det forventet en beslutning av direktivet i EØS-komiteen våren 1999". Men samstundes står det å lese i siste nummer av LO-aktuelt (6/99) at den europeiske samanslutninga av energiarbeidarforbund planlegg ein protestaksjon i Brüssel 11. mai. På denne dagen møtast energiministrane sitt EU-råd for å handsame eit nytt framlegg om liberaliseringa av elektrisitetsomsetnaden i EU etter norsk mønster. Den europeiske samanslutninga av offentlege tenestetilsette har lova å slutte opp om aksjonen for å hindre rasering av 20-25 prosent av arbeidsplassane i elektrosektoren.
1. mai er ei av hovudparolene i 1. mai-toget i Odda og Tyssedal "Tyssedalskrafta - en garanti for Odda-samfunnet!"
Både kraftmarkeringane i Odda/Tyssedal 1. mai og i Brüssel 11. mai retter seg mot politikarar og kapitalistar i Noreg og Eu som er i ferd med å gjennomføre ein omfattanse internasjonal energirevolusjon basert på fri flyt av energi dit profitten er høgast. Dette skjer på tvers av interessene til land og folk. Nok ein gong vil kampkrafta og mobiliseringsevna innan fagrørsla vere avgjerande for siger eller nederlag. Eit nederlag i denne internasjonale energistriden vil vere eit strategist nederlag for lang tid framover. Er 100-årsjubilanten LO rusta til denne striden? Eller vil nok eit nederlag fylgje våre faner?
Terje Kolbotn
|
|
|