På konferansen blir det gjennomgang av ulike utfordringar ved det å stilla liste, utfordringane ved det å sitta i eit kommunestyre, og politiske og organisatoriske utfordringar for Raud Valallianse generelt.
Konferansen skal haldast sundag 26. november 2006. Møtet åpnes klokka 11.00 og avsluttast klokka 16. 30. Møtet finn stad i kommunestyresalen i Odda. Frammøte blir på rådhustrappa. Etter konferansen blir det høve til å bli med på ein felles middag med meir uformell diskusjon om det nye partiprosjektet.
Vi håper at alle medlemmar og sympatisører ynskjer å kaste seg inn i valgkampen med dette, slik at Hordaland i 2007 kan stille endå fleire lister enn ved kommunevalet i 2003.
Dersom de ikkje har anledning til å kome til Odda på konferanse, men gjerne vil vere med på arbeidet med å stille lister, kan de ta kontakt med listestillingsskrivaren for hjelp og for å kome i kontakt med andre i din kommune som ynskjer å jobbe med dette.
Med helsing:
Listestillingsskrivaren i Hordaland
Katarina Storalm
Katarina.storalm@rv.no
47355895
Open RV-konferanse om kommunevalet 2007 i Odda.
Program:
11.00 - 11.30: Innsjekking og kaffi
11.30 - 11.45: Velkomstord ved leiar i Odda RV og kommunestyrerepresentant
Solveig Våde
11.45 -12.15:Den økonomiske situasjonen for kommunane med ei rød-grøn regjering og RV si rolle i budsjett - ved leiar i RV, Torstein Dahle.
12.15 - 13.00: Lokale døme frå budsjettarbeid og RV sin alternative politikk hausten 2006.
13.00 - 13.30: Enkel lunsj, kaffi og frukt
13.30 -1345: Korleis få mange nye med oss på RV-listene ? ved ansvarleg for listestilling i Hordaland RV, Katarina Storalm.
13.45- 14.00: Spørsmål og innspel om listestilling
14.00-14.15: Korleis utvikle eit lokalt RV-program ? ved programansvarleg i Odda RV og ordførarkandidat Terje Kollbotn
14.15-15.00: Debatt om lokalt programarbeid
15.00-1515 : Pause
15.15-1530: Presentasjon av Odda RV si heimeside på Internett ved Trond Seim (dataansvarleg i Odda RV og kommunestyrerepresentant).
15.30-16.30: Debatt om korleis utvikle RV til eit nytt parti i 2007?
Etter konferansen blir det høve til å bli med på ein felles middag med meir uformell diskusjon om det nye partiprosjektet.
|
|