Dei okkuperte vert underlagt langt strengare krav enn okkupanten. Den okkuperte vert underlagt sanksjonar, ikkje okkupanten. Det same skjer når Israel, framleis utan folkerettslig heimel, går til åtak på ein heil nasjon. Libanon må svare for seg og avvæpne den einaste organiserte motstanden som finns.
Ved ikkje å anerkjenne den demokratisk valde Hamas-regjeringa og ved å krevje ei einsidig avvæpning av Hizbolla, opptrer Noreg og resten av Europa som støttespelarar i USA og Israel sitt arbeid med å utslette den Palestinske nasjonen. Hizbolla og Hamas er organisasjonar som har oppstått som ein direkte konsekvens av Israel sin okkupasjon av Palestina og seinare Libanon, dei har stor legitimitet blant folket sitt, og dei kjempar no med minst like stor rett som motstandsrørsla i Noreg under 2. verdskrigen. Problemet er at desse organisasjonane, i motsetnad til Israel, driv med noko som heiter terrorisme. Terrorisme er det same som å gjere væpna motstand, utan bombefly og utan å ha kapital eller USA i ryggen. Dette er ikkje lov.
Den nesten 40 år lange okkupasjonen av palestinsk land ser ut til å ha blitt normaltilstanden i augo til europeiske politikarar. Likeeins dei uproposjonale "gjengjeldingane" (kven er det som gjengjeld kva?) frå Israel. Israelske fengsel er proppfulle av Palestinske og Libanesiske aktivistar, som sit der utan lov eller dom. Men med ein gong nokre israelske soldatar vert tekne til fange, vert den skakkskeive terror-ubalansa so trua at Israel kan ta 60 regjeringsmedlemmar til fange og bombe ein heil nasjon utan å møte internasjonale sanksjonar. Normaltilstanden må oppretthaldast. Det er alltid palestinarane -og no, libanesarane- som øydelegg normaltilstanden. Etter at Guds utvalde nasjon har svara med øydeleggjingar med ti- tjue eller hundrefalds omfang, er normaltilstanden gjenoppretta. Neste steinen er den første.
Jonas Gahr Støre og andre europeiske politikarar har ymta om at Israel "overreagerar", men må i same åndedrag presisere at "det er to partar " og at Hamas må moderere seg og at Hizbolla må avvæpnast. Ja, det finns to partar både i Palestina og i Libanon, men so var det altso dette, som er so lett å gløyme, at den eine parten okkuperar og at den andre parten er okkupert, at den eine parten vert bomba og invadert og at den andre forsvarar seg. Og so var det dette med at verken okkupasjonen eller krigføringa har heimel i internasjonal rett.
Men rettferdiggjer desse uomtvistelege fakta alle gjerningane som vert gjort i motstanden sitt namn? Nei, sjølvsagt ikkje. Nazi-tyskland si framferd rettferdiggjer ikkje bombinga av Dredsden. Ingenting rettferdiggjer Hiroshima. Og det er heller ingenting som rettferdiggjer bevisst bombing av sivile Israelarar. Det er likevel stor forskjell på det å glorifisere alle handlingane som har vore utførde i Hizbolla eller Hamas sitt namn og det å anerkjenne desse organisasjonane sin rett, og eg vil nærast seie plikt, til å øve væpna motstand mot ei brutal og omsynslaus okkupasjonsmakt. Når det gjeld manglande omsyn til sivile liv, har dessutan både Hamas og Hizbolla lang veg å gå for å ta igjen okkupasjonsmakta, dette til tross for "presisjonsvåpna" til den Israelske hæren.
Kva med sjølvmordsbombarane? Kva med politisk Islam? Kvinneundertrykking? Dette er innvendingar som stadig dukkar opp når ein argumenterar for det palestinske og libanesiske -og for den del, det afganske og irakiske folket- sin rett til å forsvare seg mot okkupasjon og invasjon. I Midtausten ser ein ei tiltakande islamifisering av politikken og ei politisering av Islam, og fenomenet ser ut til å tilta proposjonalt med Vesten og Israel si militære og politiske trakkasering av nasjonar i dette området. Utan å kome noko nærare inn på denne samanhengen, må eg berre understreke at dei undertrykte og okkuperte har den same retten til å forsvare seg same kva religiøse krefter som dominerar.
Når eg talar om nasjonar sin rett til å forsvare seg, burde i det heile tatt vere unødvendig å presisere at eg er imot all form for samanblanding av religion og stat, og all form kvinneundertrykking. For min del er eg kommunist, og hadde gjerne sett at dei store motstandsrørslene i Palestina og Libanon hadde ein sosialistisk heller enn ein religiøs ideologi. Eg stør ikkje sharia-lovene, eg stør berre den rettferdige motstanden mot Israel sin imperialistiske aggresjon. Eg synes rett og slett ikkje at ein må ha "rett" livssyn for å ha rett til å forsvare seg. Dessutan stør eg tanken om ein suveren og demokratisk nasjonalstat -og dermed innbyggjarane sin rett til sjølv å ta oppgjeret med den kulturelle og politiske undertrykkinga i landet sitt. Eg stør tanken om likskap og reelt demokrati, og denne tanken står i motsetnad til all samanblanding mellom religion og nasjonal rett. Når alt dette, unødvendig nok, er presisert, må eg og påpeike at historia til sionist-staten Israel er det grovaste og mest øydeleggjande dømet på ei slik samanblanding i nyare historie. Men kva med dei palestinske sjølvmordsbombarane?
Palestina opplever kvart einaste år langt større sivile tap enn Israel. Palestinarane veks opp i flyktningleirar eller i utbomba byar, under konstant fornedring, fattigdom og frykt. Dei er isolerte, åleine i verda og utan tru på framtida. Alle har slekt og vener som er drepne eller lemlesta. Dei er okkuperte av ein stat som får massiv økonomisk og militær støtte frå USA. Den vesle staten Israel har det femte største krigsmaskineriet i verda; å råke Israelske militære mål med heimelaga bomber eller med sprettert er umuleg. Israel har tatt kontroll over dei knappe vassressursane og øydelagt infrastrukturane til palestinarane. Folk frå heile verda som kan prove si jødiske tru eller sin jødiske avstamming er til ei kvar tid velkomne til å busette seg på okkupert palestinsk jord. Samstundes får ikkje hundretusentals palestinske flyktningar vende tilbake til heimane sine. Ein effektiv apharteid-politikk har gjort palesinarane til ein minoritet innafor Israel sine grenser, og den rasistiske okkupasjonspolitikken har stor oppslutting blant Israelarane.
Dette er bakgrunnen for bombeaksjonane mot sivile mål i Israel, ikkje Islam. Ein kan undre seg over kva som får folk til å sprenge bussar med sivile i lufta, men iblant kan ein snu litt på det, og undre seg over kvifor ikkje enno fleire palestinarar er forvandla til omsynslause rasistiske drapsmaskiner... Kvifor skjer det ikkje fleire slike aksjonar? Med den nære historia med folkemord og bestialitet som me i Vesten har bak oss, og dessverre -ser det ut til- framfor oss, som koloniherrar, krigsherrar og übermenchen, veit me godt kva ugjerningar mennesket er i stand til å utføre. Det veit me utan å ha kjennskap til kva det vil seie å vekse opp utan håp i ein flyktningleir eller å leve under ein audmjukande okkupasjon i 40 år.
Men kva kan ein gjere? Eg etterlyser eigentleg ikkje enn meir konsekvent utanrikspolitikk frå Noreg og resten av Vesten: å la bombene regne over Israel, slik dei gjorde over Serbia, løyser nemleg ikkje konflikta. Viss ein ser på argumentasjonen bak dei tre store vestlege angrepskrigane dei siste åra, vil ein sjå at Israel gong på gong kvalifiserar seg til å bli bomba til steinalderen. For det er vel ikkje betre med utdriving og utrydding av palestinarar enn Kosovo-albanarar? Og libanesiske sivile er vel ikkje mindre verdt enn amerikanske? Eller er Israels ulovlege atomvåpenprogram mindre reelt enn Irak sine masseøydeleggingsvåpen? Nei, eg trur ikkje det. Men heldigvis for Israel si befolkning, har ikkje USA noko som helst å tene på å bombe landet deira.
Det hjelp ikkje å bombe verken Libanon eller Israel til steinalderen. Viss det internasjonale samfunnet i første omgang kunne einast om å la folkeretten, menneskerettane og FN-resolusjonane gjelde i Midtausten, hadde me komme eit langt steg i rett retning. Då måtte Israel ha inngått ei einsidig våpenkvile og trekt seg ut av Libanon. Dei måtte ha rive muren, og gjeve tilbake alt landet som har vorte tatt frå palestinarane sidan 1967. Dei måtte ha oppheva apharteid-politikken, og latt milliontals flyktningar vende tilbake til landet sitt. Då hadde me hatt eit utgangspunkt for forhandlingar. Den norske regjeringa bør ta eit initiativ for å la folkeretten gjelde. Inntil det skjer, bør me kjempe med alle midlar mot regjeringa sin servile, ryggradslause og øydeleggjande stønad til USA og Israels Midtausten-politikk. Me må støtte opp om solidaritetsarbeidet i Palestina og Libanon, og me må arbeide for full forbrukarboikott av Israelske produkt.
Håvard Gjerde, leiar i Hordaland RV
|
|