Meråker og Ålvik ? hvem er den neste på dødslisten?.
I Ålvik i Hardanger demonstrerer alle som en mot at smelteverket skal følge etter Hafslund i Sarpsborg, Lilleby i Trondheim og Elkem Meråker. Vi er inne i den store nedleggingsbølgen. Det skyldes at de gamle industrikraftkontraktene går ut i perioden 2003 til 2011. De stammer fra den tid da elektrisk kraft ble sett på som infrastruktur og ikke en vare. De kloke forfedrene våre lot storkapitalen utnytte fossefallene, men etter 60 år skulle de gå vederlagsfritt tilbake til staten. En del av avtalen var også at bedriftene måtte holdes i drift og de måtte sørge for at lokalsamfunnene fungerte. Nettopp her fikk vi de første velferdskommunene i landet vårt.. . Det er historien om hvordan Norge ble en moderne industrinasjon fra å være Europas nest fattigste land..
Hele Rana holder pusten. Her mistet de industrikraftkontraktene til 5, 5 øre/ KWh på alle de tre store bedriftene, Rana Metall, Fundia og Rio Doce 8 april i fjor. De første oppsigelser er gått ut. Det er helt utenkelig at disse bedriftene vil overleve på dagens marked for elektrisk kraft. Fram til 31.12.2010 forsvinner kontraktene på: Smelteverkene i Salten, Finsnes, Rana, Orkanger, Kyrksæterøra, Bremanger, Tyssedal, Odda. Ålvik, Kristiansand. Aluminiumsbedriftene i Høyanger og Husnes. Karbidbedriftene på Orkanger, Eydehavn og Lillesand. Papirbedrifter over hele landet. Her i Trøndelag Peterson på Ranheim, Norske Skog på Skogn og Sodra Celle Folla Bruk.
Stortinget har vedtatt og regjeringen har lovt å få på plass et nytt industrikraftregime. Det sies at departementet jobber hardt. I mens dør Meråker og Ålvik og de første oppsigelsene er kommet i Rana. Forslaget ventes over sommeren, men skal først godkjennes av EFTAs overvåkningsorgan ESA. Det tar tid og resultatet er uvisst. Tankegangen bak regjeringens forslag er at det skal settes av en viss mengde kraft til lavere pris, forbeholdt industrien. Det er jo ingen tvil om at flere EU-land gjør nettopp dette overfor sin industri Men der gjøres det bakveien. I Norge nekter alle regjeringer å instruere Statkraft eller for den saks skyld Statoil om å tilby lavere pris. Norge spiller med åpne kort. Da må trolig bedrifter innenfor EØS-området få lik tilgang til kraften som norske bedrifter. Vrien er at de utenlandske må betale det det koster å frakte strømmen, inklusive et energitap på 10%. Dette høres logisk ut, men byråkratene i Brussel har aldri brydd seg om hva som er fornuftig, her er det kun jus som teller, bygd på Romatraktatens 5 friheter.
Og alt foregår i den dypeste hemmelighet, Her er det bare statsråder, embetsverk, noen få industriledere og en gjeng tørre jurister i Brussel som vet hva som foregår. Lokale fagforeninger, ordførere og lokalsamfunn står uten noen som helst mulighet til å påvirke prosessen. Hadde dette blitt avgjort i det norske Storting ville vi sett demonstrasjoner og tog over alt. Folkestyre erstattes med elitestyre.
Hvordan kan energinasjonen Norge godta en situasjon der vi ikke selv kan bestemme om vi vil bruke deler av ressursene våre til å utvikle landet, holde hjulene i gang og lage levende lokalsamfunn? Hvorfor er det helt utenkelig at Statoil kan gi lavere gasspris for å løse energikrisa i Midt-Norge? Hva gjør vi dersom EFTA-domstolen opphever hjemfallsretten eller nekter nye industrikontrakter? Bøyer vi hodet, godtar nedleggelser og lar eierskap over vannkrafta vår overføres til de store internasjonale monopolene? Er det helt utenkelig å erstatte den ydmykende EØS-avtalen med en normal handelsavtale, slik både vi og EU har med de fleste land i verden? Kan vi i det minste få en åpen prosess, få vite nøyaktig hva regjeringen foreslår og hva ESA gjør?
Arne Byrkjeflot, RV, AKP og leder LO Trodheim
Ein utruleg dag i Ålvik!
Ålvik 25. mai, 2006 er ein merkedag i Kvam si historie. Sjølv er eg innflyttar, og veit ikkje allverda om historia til Kvam eller Ålvik, men eg veit at når ei bygd med 600 innbyggjarar samlar over 1000 demonstrantar, er det ein kraft-manifestasjon av folkeleg motstand og engasjemanent som ikkje har sitt sidestykkje på 70-talet eingong. Hvis Oslo skulle samle eit forholdsmessig like stort antal demonstrantar, ville det innebere omlag ein million i gatene!
Ein del politikarar har utala seg om saka. Ein tillitsvald har utald seg. Dei seier at hvis Elkem, desverre, likevel, tross alt, synes det er best å pakke sammen fordi regjeringa, desverre, likevel, tross alt, ikkje nettop kan trylle akkurat, so må det pinadø skaffast ny industri til Ålvik.
Dette er, med respekt å melde, ei dødslinje.
Ein må sjølvsagt vere førebudd på eit slikt utfall. Ein må alltid vere førebudd på det verste. Og hvis det verste vert røynddom, må ein ha strategiane klare for å utøve målretta press på dei rette aktørane, det vil framleis seie regjeringa, Statkraft og Elkem: staten og kapitalen. Ein må kreve at aktørane, som har skodd seg på naturressursane og arbeidskrafta Ålvik i nesten 100 år, ikkje nett skal sleppe billeg unna. Desse aktørane har nemleg eit enormt ansvar.
Men, og dette er viktig, det er eit stort misstak å blande dei to ulike kampane saman på det noverande tidspunktet. Det inneber rett og slett at ein godtek at Elkem flaggar ut. Og det godtek me nettop ikkje!
Kampen mot utflagging er alt anna enn fåfengt. Ålvik er, saman med Rana, fortroppa i ein kamp mellom fornuftig bruk av lokale ressursar og opparbeida strukturar og kompetanse, på den eine sida, og ein blind og brutal marknadslogikk, på den andre sida, som ikkje tek omsyn til anna enn profitten til ei lita gruppe av snyltarar. Det stend fleire samfunn for tur etter Ålvik, der kraftkonsesjonane går ut, ein etter ein. Ålvik-aksjonen har ei historisk oppgåve i mobilisere og sameine motstanden i desse samfunna.
Å halde fram med produksjonen av ferrosilisiummagnesiumm på Bjølvefossen er samfunnsmessig logisk og dessutan svært lønsamt. Statkraft produserar her kraft til 8-9 øre per kWh, mens Elkem Bjølvefossen, som ligg vegg i vegg, går so det susar sjølv om dei må betale det dobbelte. Det er staten, eller folket, som eig Statkraft. Nedbøren skal tilhøyre folket og ikkje kapitalen. So enkelt er det. Det handlar ikkje om å redde eit sårbart samfunn, det handlar tvert imot om å redde eit utruleg produktivt samfunn frå ein destruktiv kapitalistisk logikk.
Den sokalla raud-grøne regjeringa har no ein sjanse til å vise at det der med raudfarga ikkje berre var ein spøk, og at Soria Moria ikkje berre var ryggradslaus ralling. Og dei lokale politikararne som soknar til dei raud-grøne bør utfordre sentralmakta kompromisslaust i denne saka.
Inga utflagging!
Ikkje fan!
Leve Ålvik!
Håvard Gjerde
-båtbyggjar, tillitsvald og leiar i Kvam- og Hordaland RV
Kraftappell i Ålvik 25.mai 2006.
Leve Ålvik!
Ålvik i Hardanger er eitt av dei småsamfunna i landet som gjennom snart eit århundre har skapt mest verdiar pr. innbyggjar. Ålvik har vore med å bygd opp det moderne Norge.
No står kampen om framtida for heile Ålvik-samfunnet.
Det er den lokale naturressursen vasskrafta som har skapt industribyen Ålvik og gitt arbeid og velstand til generasjonar ålvikarar og til bygdene rundt.
Først kom fossespekulantane. I 1905 kjøpte dei fallrettane til Bjølvovassdraget og stifta Aktieselskabet Bjølvefossen. Så kom dristige ingeniørar og anleggsslusk frå nær og fjern for å byggje dammar og vasstunnellar i høgfjellet, den stupbratte røyrgata og trallebanen og den vakre Bjølvo kraftstasjon nede ved fjorden. Så vaks den kraftforedlande industriproduksjonen fram side om side ? vegg i vegg - med kraftverket. Kraft og industri har vore to sider av same sak- to sider av same kamp i Ålvik si histore. Eit moderne industrisamfunn tufta på rein fornybar rimeleg vasskraft ligg framleis her mellom Hardangerfjorden og bratte fjell. Ålvik vart ein fleirkulturell smeltedigel, eit pulserande arbeidarsamfunn, organisasjonsamfunn, kultursamfunn ? eit velstandssamfunn som har svinga i takt med dei kapitalistiske verdskonjunkturane.Ålvik durar og går framleis skift etter skift døgnet rundt året rundt ? 06-14,14-22,22-06. Skal dette industrieventyret no ta slutt? Nei og atter nei!
Krafta har vore, er og skal i framtida framleis vere fundamentet for Ålvik!
Det produserast meir kraft i Ålvik enn noen gong, billegare enn noen gang, og meir enn fabrikken treng.
Staten har overtatt og modernisert kraftanlegget. Statkraft har bygd ein ny stasjon inne i fjellet og røyrgata er erstatta av ein vasstunnell. Overføringslinjene blir rusta opp.
Kva er då problemet?
Statkraft er gjennom politiske vedtak blitt omorganisert for å drive kraftbusiness. Norsk vasskraft skal seljast til høgstbydande på ein internasjonal marknad med børsar og spekulative prisar i Europa. Denne marknadsliberalistiske kraftrevolusjonen har skjedd gradvis sidan 1991 gjennom politiske vedtak frå skiftande regjeringar og Storting. EØS-avtalen mellom Noreg og EU har forsterka utviklinga. Profittjakta styrer ? nasjonal politisk styring er på vikande front. Ålvik og mange andre lokalsamfunn og industribedrifter er no i ferd med å misse sine konkurransefortrinn- gunstige kraftavtalar og langsiktige kraftkonsesjonar.
No trengs eit kraft- og industriopprør for å få snudd denne utviklinga.
Vi må gjenerobre vasskrafta som ein nasjonal samfunnsressurs og eit industripolitisk verkemedel for å utvikle ? ikkje avvikle Noreg som industrinasjon.
Landet vårt har ein kraftforedlande industri som produserer metall og andre produkt som verda treng. Vi har ein industri i verdstoppen når det gjeld teknologi og kompetanse, auka miljøsatsing og gjenvinningsgrad ? både av avfall og energi. Bjølvefossen er eit godt eksempel i so måte. I staden for stadig meir krafteksport og utflagging er svaret i dag det stikk motsatte: Videreutvikling av norsk kraftforedlande industri. Potensialet er stort. Men det kreves politisk vilje og mot til å utfordre Statkraft, Orkla/Elkem, Hydro og andre kapitalsterke internasjonale storaktørar.
Då vi kjempa for arbeidsplassane i Tyssedal for snart 25 år sidan var Ålvik Arbeiderforening i første rekkje og viste solidaritet. ?Krafta er vår og den skal nyttast i Tyssedal? var slagordet. Etter fire generastreikar og to demonstrasjonsturar til Stortinget vann vi fram i Odda. I dag er det både meir kraft- og industriproduksjon i Odda/ Tyssedal enn noen gong. Men mørke skyer trugar igjen også Odda-samfunnet.
Det tidlegare Odda Smelteverk ligg alt brakk på 4. året , som ein spøkelsesfabrikk og eit monument over ein feilslått industripolititikk - og krafta for lengst seld ut til Statkraft.Regjering og Storting har gjort lite eller ingenting til no .
Før valet var alle stortingspartia bekymra for Union ? etter valet vart Union slakta utan eit pip frå samfunnstoppane og den nye regjeringa.
I dag for nestan 2000 år sidan var det visstnok ein som for til himmels for vår skuld.
I Ålvik i dag kan vi ikkje stole på høgare makter.
Vi må stole på oss sjølv og styrken som ligg i brei folkeleg mobilisering og solidaritet.
Samhald gir som kjend styrke. Folkemakt og arbeidarmakt må erstatte kapitalmakt, avmakt og resignasjon.
La ikkje Ålvik bli ofra på marknadsliberalismens og EØS-avtalens alter.
La ikkje internasjonal kraftbusiness og Okla / Elkem sine konsernstrategiar få avgjere Ålvik si framtid.
La denne dagen bli starten på ei ny tid for industri-Norge.
La pensjonistane i Ålvik få oppleve at samfunnet dei har gitt sitt liv til ikkje lenger blir seigpina og langsomt døyr ?men får garantiar og ein ny giv som industribygd.
La alle barn og ungdom som veks opp i Ålvik få oppleve at bygda dei har kjær har ei framtid.
La alle ansatte ved Bjøvefossen og deira familiar igjen få oppleve ein trygg jobb og eit samfunn i utvikling ? ikkje eit samfunn i avvikling.
Statminister Stoltenberg, energiminister Enoksen og næringsminister Eriksen skulle ha vore her i dag og opplevd ei livskraftig bygd som kjempar for sin eksistens.
Dei må snarast kome på banen og gje garantiar for fortsatt full produksjon ved Bjøvefossen. Den første kraftkontrakten som går ut i år, må forlengast ?helst før somaren.
Energiministeren er generalforsamling i Statkraft ? han er i posisjon til å instruere selskapet.
Skal teknologi og kompetanse som er bygd opp i Ålvik bli flytta til Elkems Icelandic Alloys på Akranes.? Elkem og eigaren Orkla går so det suser og investerar stadig meir i utlandet og tener stort på kraftsal. Bjølvefossen går med overskot. Men mykje vil ha meir. Orkla / Elkem sin grådighet og kynisme må utfordrast av heile det poltiske miljø og heile fagrøsla.
Ålvik-kampen er prøvesteinen for heile industri-Norge.
Til alle lokalpolitikarar, fylkespolitikarar og rikspolitikarar som har møtt fram i dag vil eg seie: La oss i dag ta eit tverrpolitisk initiativ i Folkets Hus for å redde Ålvik-samfunnet. La oss stå last og brast med eit livskraftig lokalsamfunn. La oss ikkje akseptere tap av ein einaste arbeidsplass ved Bjølvefossen. Ålvik har vannkrafta, Ålvik har arbeidskrafta, Ålvik har skaparkrafta.
No treng vi å mobilisere den faglege og politiske handlekrafta og solidariteten.
Leve Ålvik!
Terje Kollbotn (RV-politikar frå Odda og fagleg tillitsvald i 25 år)
EØS-avtalens vanvidd
I Ålvik i Hardanger ligger et kraftverk og et smelteverk rett ved siden av hverandre. Kraftverket produserer billig kraft til 8-9 øre pr kWh. Det er derfor smelteverket ligger vegg-i-vegg, slik det har gjort siden 1918.
Kan det tenkes noe mer effektivt og fornuftig enn at kraftverk og smelteverk ligger vegg-i-vegg, og at man med verdens mest miljøvennlige prosess produserer 60 000 tonn ferrosilisiummagnesium, som verden trenger?
Staten ved Statkraft overtok Bjølvo kraftverk ved hjemfall i 1964. Samtidig fikk Bjølvefossen AS avtale med Statkraft om å leie kraftverket, og konsesjon til å drive det fram til 31. desember 2006. I dag betaler Bjølvefossen 10-12 øre pr kWh for strømmen, så dermed har Statkraft god fortjeneste.
I 1990 stemte et enstemmig Odelsting for verdens mest markedsliberalistiske energilov. Da Norge i 1992 inngikk EØS-avtalen, ble det på tro og ære forsikret at den ikke ville berøre vannkraften..
Markedsstyringen av kraftprisene har koplet norske strømpriser til det nordiske kraftmarkedet, som igjen er koplet til det europeiske kraftmarkedet. Der fyker prisene opp og ned, fortrinnsvis opp. Når Høyre- og AP-representanter og en del fagforbundsledere gir inntrykk av at det betyr noe for den markedsprisen om vi bygger ut et kraftverk eller to i Norge, er det bare til å le høyt av. Markedsprisen styres av helt andre forhold enn noen promilles endring i den europeiske kraftproduksjonen. For eksempel har spekulasjon i CO2-kvoter vist seg å bety mye.
Markedsprisen svinger nå mellom 30 og 40 øre pr kWh. Og ESA hevder at EØS-avtalens krav om ikke-subsidiering binder Statkraft til å inngå industrikraftavtaler med utgangspunkt i denne markedsprisen. Siden det er snakk om langsiktige avtaler med små leveringskostnader vil prisen kanskje kunne komme ned i omkring 25 øre pr kWh.
Dermed er vanviddet et faktum: Med EØS-avtalen som brekkstang skal Statkraft tvinges til å ta en kraftpris av Bjølvefossen på omkring 25 øre pr kWh - på den kraften som produseres vegg-i-vegg for 8-9 øre pr kWh. Skjønt ?tvinges?? Statkraft driver kraftbusiness. Overskuddet var 4 milliarder i første kvartal 2006 ? altså bare på ett kvartal. Det passer Statkraft utmerket å få selge kraften fra Bjølvo til 30 øre pr kWh. De gir vel blaffen i skjebnen til et lite industristed med rundt 700 innbyggere.
Elkem eier Bjølvefossen. Orkla eier Elkem. Og Rimi-Hagen er største eier i Orkla.
Elkem vil flytte produksjonen til Island, der de får kraft til 13-15 øre pr kWh. Dessuten har de et smelteverk med driftsproblemer der. Å flytte Bjølvefossen-teknologien til Island kan kanskje hjelpe.
Elkem har rett i at det ikke er grunnlag for smelteverk i Ålvik med en strømpris på 25 øre pr kWh. Men Elkem er ingen uskyldig aktør. Elkem spekulerer nemlig selv i høye strømpriser: De eier kraftverk andre steder i landet, og hvis de tjener mer på å selge kraften enn å bruke den i egne industribedrifter, så legger de gjerne ned industri. De beskriver seg selv som ?en av hovedaktørene i det nordiske kraftmarkedet?. I 2005 sto kraftsalg og kraftspekulasjon for halvparten av Elkems driftsresultat. Elkem profiterer stort på at det er markedet som rår på kraftsektoren.
AP med Gro Harlem Brundtland og Jens Stoltenberg i spissen lurte tusener av industriarbeidere med sludder om at vi ville miste markedsadgangen uten en EØS-avtale. Sannheten er at avtalen passet strålende for storkapitalen, som bruker den for å gjøre kraftsektoren til en profittsektor - i stedet for å gå veien om industriproduksjon. Og de ulike regjeringene har gjort Statkraft til business i stedet for samfunnsansvarlig aktør.
Energiminister Enoksen er Statkrafts generalforsamling. Han må nå instruere Statkraft til å forlenge de nåværende kraftkontraktene inntil et nytt, akseptabelt industrikraftregime kommer på plass. Fagorganiserte over hele landet må stille seg bak dette kravet. Nå gjelder det Ålvik. Mange andre industristeder står for tur.
Torstein Dahle, leiar RV
Bakgrunn: Heimfalsretten og EØS
Etter at den nye energilova og EØS-avtalen vart vedtatt av Stortinget tidleg på 1990-talet, starta for alvor ein marknadsliberalistisk kraftrevolusjon i Norge. Dette representerer eit historisk brot med ein nasjonal kraft- og konsesjonspolitikk som vart utvikla etter 1905. Kampen om samfunnstyring og nasjonal kontroll over vasskrafta og heimfallsretten bør bli ei sentral sak i den komande valkampen og i markeringa av 100-årsjubileet for unionsoppløysinga.
Dei seinare åra har overvakningsorganet for EØS-avtalen, EFTA Surveillance Authority (ESA) i Brussel, kritisert industrikonsesjonslova i Norge for å vere i strid med EØS-avtalen og EU sitt regelverk, spesielt når det gjeld vasskraftsektoren og heimfallsretten. Dette gjeld mellom anna artikkel 31 om fri etableringsrett og artikkel 40 om fri kapitalrørsle. På denne bakgrunnen vedtok regjeringa tidleg i 2003 å setje ned eit breidt samansatt utval for å vurdere korleis den norske heimfallsretten i framtida bør utformas. Utvalet la fram si innstilling 30. november 2004, med ei rekkje lovframlegg for å tilpasse norsk lovgjeving til EØS-avtalen (NOU 2004:26). Fleirtalsinnstillinga har innan høyringsfristen fått inn mange kritiske fråsegner, ikkje minst frå kommunar og fylkeskommunar. Like før påske slo olje- og energiminister Torhild Widvey (H) fast at det ikkje var aktuelt for regjeringa å kome med eit endeleg lovforslag før somaren. Dette vert soleis eit viktig tema i den komande valkampen.
Bakgrunnen for heimfallsretten
På slutten av 1800-talet gjekk fossespekulantar igong med å kjøpe opp utvinnbare fallrettar frå grunneigarar rundt om i landet. I dei fleste landa i Europa var staten eigar av vassdrag. Dei nordiske landa bygde i hovedsak på privat eigedomsrett over vassdraga. I mange høve hadde oppkjøparane i Norge bakmenn i utlandet. Det var dei høge fossefalla og djupe fjordane i Norge som la grunnlag for kraftanlegg for kraftforedlande storindustri, i første omgang i Telemark, på Vestlandet og i Nord-Norge. Denne spekulasjonen i kjøp og sal av fallrettar til private interesser vart sett på med stigande bekymring. I 1891 vart det første kommunale e-verket satt igong i Hammerfest basert på vasskraft. I 1895 vart det løyvd pengar i Stortinget til statlege oppkjøp av fallrettar i regi av Kanalvesenet, forløparen til Norges Vassdrags- og Energidirektorat for å sikre drift av jernbanar og alminneleg forsyning. Rundt 1900 hadde i alt 24 norske byar fått elforsyning.
Men den tidlege fasen av vasskraftutbyggjinga her til lands var prega av privat og utanlandsk kapital, og i 1906 eigde utanlanske selskap over 3/4 av fossane som vart bygd ut.
Kravet om heimfall til staten vart tatt inn i sjølve konsesjonslova (ervervslova) av 1909. Heimfall til staten skulle sikre at private fallrettar med tida (etter 60 år) skulle få offentleg eigarskap. I industrikonsesjonslova av 1917 vart det slått fast at dette gjaldt "vannfallet med alle de innretninger, hvorigjennom vannets løp og leie forandres, så som damanlegg, kanaler, tunneler, bassenger, rørledninger med mer, de til utbyggingen og kraftanlegget tilhørende maskineri og annet tilbehør, samt arbeiderboliger og andre bygninger som hører med til kraftanlegget". Etter konsesjonstida skulle dei private kraftanlegga tilhøre staten. Fleirtalet i Høgsterett avviste at dette var eit inngrep i den private eigedomsretten i strid med Grunnlova §105. Heimfall frå private og utanlanske eigarar skulle heller ikkje løyse ut noen form for erstatning frå staten etter at konsesjonstida var ute. Staten og kommunar var unndratt frå konsesjonsplikt. Vasskrafta si viktige rolle for ålmenta og samfunnet som heilskap vart stadig sterkare understreka. Skjerpa reglar om konsesjonsplikt og strammare vilkår for private eigarar av fallrettar vart utvikla. Etterkvart vart det eit nasjonalt politisk mål å elektrifisere heile landet gjennom offentleg eigde kraftverk. Dette målet vart nådd i løpet av 1960-åra.
I 1969 vart det og innført konsesjonsplikt på ubegrensa tid for norske kommunar og fylkeskommunar. Men det var ingen grunn til å innføre vilkår om heimfall for offentleg eigde kraftverk. Samstundes vart det innført reglar om sokalla foregrepne heimfall. Dei private selskapa som hadde konsesjon for 60 år fekk høve til å leige attende av staten dei utbygde vassfalla med tilhøyrande anlegg og dei ikkje utbygde vassfalla i same vassdrag for ein ny konsesjonsperiode. Då vart det lagt vekt på om den private konsesjonæren hadde forvalta dei samfunnsverdiane som vassfallet representerte på ein forsvarleg måte, og hadde konkrete opprustnings- og utbyggjingsprosjekt.
I dag er vasskrafta grunnlaget for 99 % av norsk energiforsyning. I kraftsektoren er det investert om lag like store verdiar som i olje- og gasssektoren dei siste tiåra, og om lag like mykje som i heile fastlandsindustrien elles. Takka vere strenge konsesjonslover og heimfallsretten er om lag 90 % av norsk kraftforsyning i offentleg eige. Kampen gjeld det norske arvesølvet - vasskrafta.
Den nye energilova
Samstundes som EU-kommisjonen og Ministerrådet i EU tok dei første stega for å marknadsliberalisere energisektoren i den indre EU-marknaden, skjedde det same i Norge på slutten av 1980-talet. Olje- og energiminister Eivind Reiten, statsråd frå Senterpartiet, la på vegne av Syse-regjeringa fram den nye energilova for Stortinget. Denne var skreddersydd til den komande EU-tilpasninga. Den nye energilova (Ot.prp nr 43, 1989-90) definerte energi som ei vare, slik EU gjorde det i 1988 og slik EØS-avtalen seinare gjorde det. Det var ingen prinsippiell motstand i Stortinget, heller ikkje frå SV. Lova vart til slutt samrøystes vedtatt i Odelstinget (det hadde ikkje skjedd om RV då var representert på Stortinget). Etter regjeringsskiftet i november 1990 fekk Senterparti-statsråden direktørjobb i Norsk Hydro, medan ein annan Hydro-direktør, Finn Kristensen, overtok plassen på vegne av AP for å setje lova i kraft frå 1.1.1991. Den nye energilova var heilt ubrukeleg for å styre kraftpolitikken politisk. Marknadsmekanismane skulle jo ta over. AP-regjeringa gjorde ikkje noe for å stramme inn tøylane. Tvert imot heldt dei fram liberaliseringa og EU/EØS-tilpasninga på energiområdet. 20. juni 1991 la AP-regjeringa fram St.prp nr 100 (1990-1991) om omorganisering av Statkraft. Her slo regjeringa klårt fast:
"Markedsorienteringen av norsk kraftforsyning faller sammen med anstrengelsene internasjonalt for en friere omsetning av energi."
Statkraft skulle etter dette drive reint forretningsmessig, mellom anna i høve til forhandlingane om nye kraftkontraktar med industrien. Rimeleg krafta som industripolitisk virkemedel vart undergravd av AP.
Samstundes vart Statkraft omdana til to statsforetak: eitt for produksjon og sal (Statkraft) og eit nettforetak (Statnett). Som eit svar på denne nye kraftpolitikken frå AP, hadde Landsforening 120 i Norsk Tjenestemannslag (NTL) - LO-organiserte i Statkraft og NVE ei skarp fråsegn i TB - fagbladet for NTL i januar 1993. Her heitte det mellom anna :
"Arbeiderpartiet har med dette lagt til rette for utvikling av en jappekultur i energiomsetningen som en må tilbake til midten av 80-åra for å finne maken til. Vi konstaterer at det måtte en Arbeiderparti-regjering til for å gjennomføre høyrebølgen i norsk kraftforsyning."
Denne politikken har blitt vidareført under både regjeringane Jagland og Stoltenberg og Bondevik 1 og 2. I regjeringa Bondevik 1 var både EU- og EØS-motstandarane Marit Arnstad og Anne Enger Lahnstein frå Senterpartiet olje- og energiminister. Dei var og lojale både i høve til den nye energilova og EØS-krava på energisektoren.
EØS-avtalen og vasskrafta
I EØS-avtalen ?-del 2 om det frie varebytte - er energi definert som ei vare (artikkel 24 og diverse vedlegg 6). Ved EØS-avtalen (og sjølsagt og ved fullt norsk EU-medlemsskap) må Norge måtte rette seg etter EU sin energipolitikk, energidirektiv og felles økonomisk regelverk for den indre marknaden.
I AP-regjeringa sin stortingsproposisjon om EØS-avtalen (St.prp 100 ,1991-1992) heiter det mellom anna:
"Utviklingen av rammevilkårene for energiforsyningen innenfor EU vil være av stor betydning for Norge." (side 161)
"En rekke bestemmelser i EØS-avtalen som angår markeds- og konkurranseforhold kan komme til anvendelse på energiområdet. Det gjelder i første rekke avtalens artikkel 4 med generelt forbud mot forskjellsbehandling på grunnlag av nasjonalitet, avtalens artikkel 11 og 12 som forbyr kvantitative begrensinger på import og eksport og alle tiltak med tilsvarende virkning, avtalens artikkel 16 som innebærer at statlige handelsmonopoler ikke skal kunne forskjellsbehandles på grunnlag av nasjonalitet, bestemmelsene om fri etableringsrett og fri kapitalbevegelser, samt prinsippene om ingen restriksjoner ved nasjonal behandling ved selskapsinvesteringer, nedfelt i artiklene 31, 34, 40 og 124, konkurransereglene i artiklene 53-60 og statsstøttebestemmelsene i avtalens artikler 61-64." (side 164)
"Forbudet mot forskjellsbehandling på grunnlag av nasjonalitet, innebærer at interessenter i andre EØS-land vil stille på linje med norske private interesser ved erhverv av fallrettigheter, bruksrettigheter og utbygde vannfall i Norge." (side 201)
EU- og EØS-tilhengjarar som framleis hevdar at EØS-avtalen ikkje gjeld på energisektoren, driv anten med løgn for å føre det norske folk bak ljoset - eller dei manglar kunnskap.
Den nye kraftsituasjonen
I dag eig kommunar og fylkeskommunar vel 42 % av produksjonskapasiteten i landet. Gjennom Statkraft eig staten direkte og indirekte ein produksjon på vel 45 %.
Dei private konsesjonspliktige kraftverka har ein kapasitet på ca. 6,5 % og dei konsesjonsfrie private kraftverka utgjer ca. 5,5 %. Dei sistnemnde er knytta til vassfall som vart bygd ut før konsesjonslova av 1909.
Om lag 3/4 av alle offentlege kraftverk er dei siste åra omdanna til aksjeselskap og er forplikta til å drive etter forretningsmessige prinsipp i samsvar med aksjelova. Det har skjedd storstilte oppkjøp og fusjonar og ei sentralisering av makt, styring av produksjon og distribusjon.
Trass i at produksjonskostnadene per kWt har gått ned, har straumprisane og fortenesten gått kraftig opp. Både den kraftforedlande industrien, næringslivet elles, vanlege forbrukarar og offentleg sektor har fått merke dette. Elektrisk kraftproduksjon i Norge er ein del av den nordiske kraftmarknaden.
Etterkvart som gigantiske overføringskablar til Danmark, Tyskland, Nederland og England er på plass, vil krafteksporten auke innafor den europeiske kraftmarknaden. Dette vil drive prisen på norsk vasskraft ytterlegare i været. Utanlandske kraftselskap, som svenske Vattenfall, finske Fortum, tyske E.ON og franske EdF, ynskjer å sikre seg eigarskap i norske kraftselskap. Om heimfallsretten blir tilpassa EØS-avtalen, er det all grunn til å tru at det vil bli eit salsras av offentlege eigde norske kraftverk.
Nye lovforslag
Fleirtalet i Heimfallsutvalet har foreslått ei rekkje lovendringar i industrikonsesjonslova og vassdragsreguleringslova av 1917 for å tilpasse norsk lov til EØS-lova. Desse framlegga baserer seg på at norske offentlege og private kraftverk skal bli likestilte i høve til konsesjonslover - herunder konsesjonstid, vilkår og heimfallsrett. Dei foreslår at alle kraftverk får ei ny konsesjonstid tidsavgrensa til 75 år før heimfall til staten. Unntaket er dei private kraftverka som vart etablert før heimfallsretten vart innført i 1909. Dette skal gjelde frå ei slik lovendring er vedtatt. Samstundes skal kraftverkseigarane ha høve til forlenga eigarskap på 1/3 i eit aksjeselskap i lag med staten etter 75 år.
Dette fleirtalsframlegget vil gjere det særs gunstig for private, utanlandske gigantar å kjøpe opp norske kraftverk for 75 nye år, med opsjon på vidare medeigarskap etter denne tida. Norske kommunar og fylkeskommunar med ein anstrengt økonomi vil lett bli frista til å selje ut sine aksjar so snart som råd, ettersom verdien er størst dei første åra av ein tidsavgrensa konsesjonsperiode. Totalt er det snakk om verdiar for fleire hundre milliardar.
Det er gledeleg at mange kommunestyre og fylkesting, inkludert Kommunenes Sentralforbund (KS) og LO har gått imot dette fleirtalsframlegget. Mindretalet i utvalet (frå Kommunenes Sentralforbund, Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar og LO) har og akseptert at det må gjerast visse lovendringar tilpassa EØS-avtalen. Men dei foreslår ein meir "skånsom" modell, den sokalla "transaksjonsmodellen". Den går i korte trekk ut på at offentleg eigde kraftverk først blir utsatt for krav om heimfall til staten om dei sel ut aksjar til private eigarar. Då vil heimfall trå i kraft 60 år etter transaksjonen (salet). I motsatt fall har dei offentleg eigde kraftselskapa evigvarade konsesjon som i dag. Men det er eit ope spørsmål om ESA vil akseptere ein slik skilnad i mellom offentleg og privat eigarskap i norsk lovverk i framtida. Spesielt vil dette vere problematisk for alle dei offetleg eigde kraftselskapa som er blitt aksjeselskap. Dette inkluderer og Statkraft.
Det tredje alternativet
Grunnlaget for norsk kraftpolitikk etter 1906 var nasjonal kontroll og politisk styring - ikkje marknadsliberalisme og frikonkurranse. Den nye energilova og EØS-avtalen har endre på dette. Her er noen hovedpunkt til kva som bør vere RV sitt alternativ til alle dei partia som i dag er representert på Stortinget:
Heile energilova må grunnleggjande endrast til fordel for innbyggjarane og norske arbeidsplassar.
Norsk kraftpolitikk må atter basere seg på suveren nasjonal råderett.
Alle krav om EØS-tilpasning på kraftsektoren må avvisast av det nye Stortinget.
Heimfallsretten må gjelde uinnskrenka i høve til EU-rett og krav frå ESA.
Krafta må atter bli eit industripolitisk verkemedel for å sikre arbeidsplassar og samfunnsutvikling i Norge basert på rimeleg kraft.
Forbod mot fri krafteksport frå Norge til andre land.
Statkraft og dei andre offentleg eigde kraftselskapa må oppløysast som aksjeselskap og istaden tene som forvaltar av ein felles naturressurs til beste for utvikling av samfunnet.
Dei private kraftselskapa som har konsesjon, får berre vidare konsesjonsrett eller leigeavtalar om dei nyttar krafta til å utvikle industriarbeidsplassane i eigarbedriftane i Norge.
Rimeleg fornybar vasskraft skal gje grunnlag for satsing på miljøvenleg industriutvikling, jarnbaneutbyggjing og anna kollektivsatsing, produksjon og sal av el-bilar - kombinert med overgang frå elektrisitet til varmeanlegg når det gjeld oppvarming.
Stopp i utbyggjing av vassdrag som kjem i konflikt med miljø- og naturverninteresser.
Alle kraftselskap og alle kraftforbrukarar i Norge må bli utfordra til å gjennomføre ein storstilt nasjonal plan og kampanjer for energieffektivisering og energigjenvinning, slik at sløsing med den reine, fornybare vasskrafta tar slutt i elektrisitetslandet Norge.
Dette bør vere ei politikk som kan sameine den radikale delen av fagrørsla, miljørørsla, konsekvente EU/EØS-motstandarar og alle andre som ynskjer ei anna samfunnsutvikling, der natuturressursane i Norge blir nytta til fordel for innbyggjarane og arbeidsplassane - ikkje for profitt og spekulasjon.
Terje Kollbotn, 2005
Kjelder:
RV-rapport 1993: EF/EØS og den nasjonale kampen om vasskrafta og konsesjonslovene
NOU (Norges offentlige utredninger) 2004:26 Hjemfall
|
|