Ein utruleg dag i Ålvik!
Ålvik 25. mai, 2006 er ein merkedag i Kvam si historie. Når ei bygd med 600 innbyggjarar samlar over 1000 demonstrantar, er det ein kraft-manifestasjon av folkeleg motstand og engasjement som ikkje har sitt sidestykkje på 70-talet eingong.
01.06.2006 10:32
Hvis Oslo skulle samle eit forholdsmessig like stort antal demonstrantar, ville det innebere omlag ein million i gatene!

Ein del politikarar har utala seg om saka. Ein tillitsvald har utald seg. Dei seier at hvis Elkem, desverre, likevel, tross alt, synes det er best å pakke sammen fordi regjeringa, desverre, likevel, tross alt, ikkje nettop kan trylle akkurat, so må det pinadø skaffast ny industri til Ålvik.

Dette er, med respekt å melde, ei dødslinje.

Ein må sjølvsagt vere førebudd på eit slikt utfall. Ein må alltid vere førebudd på det verste. Og hvis det verste vert røynddom, må ein ha strategiane klare for å utøve målretta press på dei rette aktørane, det vil framleis seie regjeringa, Statkraft og Elkem. Staten og kapitalen. Ein må kreve at aktørane, som har skodd seg på naturressursane og arbeidskrafta Ålvik i nesten 100 år, ikkje nett skal sleppe billeg unna. Desse aktørane har nemleg eit enormt ansvar.

Men, og dette er viktig, det er eit stort misstak å blande dei to ulike kampane saman på det noverande tidspunktet. Det inneber rett og slett at ein godtek at Elkem flaggar ut. Og det godtek me nettop ikkje!

Kampen mot utflagging er alt anna enn fåfengt. Ålvik er, saman med Rana, fortroppa i ein kamp mellom fornuftig bruk av lokale ressursar og opparbeida strukturar og kompetanse, på den eine sida, og ein blind og brutal marknadslogikk, på den andre sida, som ikkje tek omsyn til anna enn profitten til ei lita gruppe av snyltarar. Det stend fleire samfunn for tur etter Ålvik, der kraftkonsesjonane går ut, ein etter ein. Ålvik-aksjonen har ei historisk oppgåve i mobilisere og sameine motstanden i desse samfunna.

Å halde fram med produksjonen av ferrosilisiummagnesiumm på Bjølvefossen er samfunnsmessig logisk og dessutan svært lønsamt. Statkraft produserar her kraft til 8-9 øre per kWh, mens Elkem Bjølvefossen, som ligg vegg i vegg, går so det susar sjølv om dei må betale det dobbelte. Det er staten, eller folket, som eig Statkraft. Nedbøren skal tilhøyre folket og ikkje kapitalen. So enkelt er det. Det handlar ikkje om å redde eit sårbart samfunn, det handlar tvert imot om å redde eit utruleg produktivt samfunn frå ein destruktiv kapitalistisk logikk.

Den sokalla raud-grøne regjeringa har no ein sjanse til å vise at det der med raudfarga ikkje berre var ein spøk, og at Soria Moria ikkje berre var ryggradslaus ralling. Og dei lokale politikararne som soknar til dei raud-grøne bør utfordre sentralmakta kompromisslaust i denne saka.

Inga utflagging!
Ikkje fan!
Leve Ålvik!


Håvard Gjerde
-båtbyggjar, tillitsvald og leiar i Kvam- og Hordaland RV