Stopp utpressinga av palestinarane!
25. januar gjekk palestinarane på Vestbredden og Gaza til valurnene for å velga nytt parlament. I eit val som har vorte karakterisert som oppsiktsvekkande demokratisk av valobservatørar fekk Hamas reint fleirtall.
14.03.2006 13:54
Det politiske spelet som har kome i ettertid frå Israel og vesten er skammeleg. Både EU og USA har trua med å halda attende midler med mindre Hamas endrar programmet sitt. Seinere har dei gått med på å gi midler, men då berre via kanalar som ikkje går til det palestinske parlamentet. Israel har gått lengre: Dei held attende skattepenger som rettmessig tilhøyrer dei palestinske sjølvstyre-styresmaktene.

Det er uhøyrt at ein okkupantmakt får rett til å diktera kva for politikk dei legitimt valde representantane for det okkuperte folket skal ha. Palestinarane har like stor rett som alle andre folk til å velga sitt eige leiarskap. Demokratiske prosessar er ikkje noko ein kan vera for berre så lenge folket vel politikarar ein er samde med. Det er også uhøyrt at USA og EU krev at det nye palestinske parlamentet anerkjennar den israelske staten. Ein kan ikkje stilla krav til eit okkupert forlk om å anerkjenna okkupanten sin.

Israel, USA og EU si utpressingstaktikk kan få alvorlege følger. Hundretusenvis av palestinarar er avhengige av lønsmidler frå dei palestinske styresmaktene. Dette er spesielt prekært sidan den israelske okkupasjonen effektivt har hindra palestinarane frå å utvikla ein sjølvstendig økonomi. I tillegg til dei humanitære verknadene, kan utpressingspolitikken også undergrava den demokratiske utviklinga blant palestinarane. Det som trengs er ei utviding av det palestinske demokratiet, til også å omfatta palestinarane som lever i eksil, eller som flyktningar. Dagens parlament er diverre berre for dei som bur på Vestbredden og Gaza.

Noreg må straks kreva at dei atthalde midlene vert overført til palestinske styresmakter, og gå i spissen for reell anerkjenning av den nye palestinske regjeringa. Det er palestinarane sjølv, og ikkje oss, som har rett til å avgjera framtida for Palestina.

Torstein Dahle
Leder i RV