Ingen parti ville leggje ned Odda sjukehus og andre lokalsjukehus, vart det sagt på folkemøtet i Odda 24. august om framtida for lokalsjukehusa. Men sidan forrige stortingsval har den nye ?helsereforma? , trumfa gjennom av AP, FrP og Høgre, ført til at helsepolitikk er blitt butikk og frikonkurranse. Lokalsjukehusa har opplevd seigpining, underskot og nedbyggjing. Private sjukehus og klinikkar har blitt mangedobla i storbyane ved hjelp av offentlege midlar. Resultatet har blitt rekrutteringsproblem av spesialistar og færre pasientar ved lokalsjukehusa - og titusenvis av folk i protestar og demonstrasjonstog over heile landet.
Om RV kjem på Stortinget etter valet, vil vi alt det første året reise ei rekkje konkrete forslag for å kunne snu denne utviklinga. Desse framlegga vil bli reist både i samband med statsbudsjettet for 2006 og i samband med evalueringa av helsereforma. RV ynskjer å betre samspelet mellom større og mindre sjukehus til fordel for lokalsjukehusa i distrikta.
Her er RV sitt program for å styrke lokalsjukehusa:
- Lokalsjukehusa må få nok ressursar til å kunne ta hand om og stabilisere akutte sjukdomar og skader 24 timar i døgnet.
- Lokalsjukehusa skal ha eit godt fødetilbod heile døgnet 12 månader i året, inkludert gynekologikopetanse og kunne ta keisarsnitt.
- Lokalsjukehusa må få meir ressursar til dei store sjukdomsgruppene som treng nærleik til sjukehustenestene, t.d. kronisk sjuke, smertepasientar, psykiatri og eldrelidingar.
- Lokalsjukehusa må få meir ressursar til å byggje ut lokale rehabiliteringstilbod etter operasjonar.
- Lokalsjukehusa må få høve til å utvikle kompetansen på område der dei er gode for å kunne ta imot pasientar utanfrå for å få slutt på ventelistene, framfor at pasientane blir sendt til private klinikkar.
- Lokalsjukehusa må få betre stabilitet ved nok fast tilsette legar i staden for ledige stillingar (vakansar) og stadig nye vikarar.
- Lokalsjukehusa må få avtalar der spesialistar kjem til lokalsjukehusa for spesielle operasjonar i staden for at pasientar må reise vekk.
- Lokalsjukehusa må få innfridd sitt krav om satsing på legeutdanning av fleire spesialistar tilpassa behova på lokalsjukehusa (generalistar).
- Lokalsjukehusa må utviklast som lærestader for turnuskandidatar, sjukepleiarstudenter og hjelpepleiarar.
- Lokalsjukehusa må få ressursar til å byggje ut samarbeidet med primærhelsetenesta og pårørande i nærkommunane.
I tillegg vil RV gå inn for å gjenopprette offentleg sjukehusforvaltning og folkevald styring. Dei regionale helseforetaka, helsebyråkratiet, papirveldet, privatiseringa og stykkprisfinaniseringa må avskaffast. Dei økonomiske rammene til lokalsjukehusa må auke, både til å dekkje underskot, nyinvesteringar, utviklingsarbeid og vidare drift. Dette er og god distriktspolitikk!
Som fagleg tillitsvald innan LO og lokalpolitikar har eg vore aktiv i samtlege lokalsjukehusaksjonar i Odda heilt sidan tidleg på 80-talet. Eg var med og etablerte den landsomfattande Folkeaksjonen for lokalsjukehusa i 2003. No vonar eg saman med Torstein Dahle å kunne fylgje opp desse framlegga og kampen for lokalsjukehusa også på Stortinget etter valet.
Terje Kollbotn , 3. kandidat og leiar i Hordaland RV.
(tlf. 97194073)
|
|