Arbeiderpartiet -nyliberalismens spydspiss i Noreg.
Nyliberalismen er den rådande økonomiske retninga i verda i dag. Den store guruen innan denne retninga er Milton Friedman. Hans disiplar er kjent som The Chicago-boys.
19.08.2005 11:03
Kva går så denne retninga ut på. Kort sagt går den ut på at marknaden og konkurransen skal løysa alt. Staten si oppgåve er å leggja til rette for marknaden og den frie konkurransen. Alt som hindrar fri konkurranse må bort. Det som skal til for ein sunn økonomi ifølgje Chicago-gutta kan samanfattast i 5 tesar eller læresetningar:

1.Hald offentlege utgifter på eit absolutt minimum
2.Selg offentleg eigde verksemder
3.Privatiser
4.Hald inflasjonen låg
5.Reduser arbeidstakarorganisasjonane si makt

Ei rekkje land har prøvd denne medisinen. Nokre frivillig, andre fordi dei har blitt tvinga til det av IMF og Verdsbanken. Kva har så dette ført til av resultat? I alle land der denne medisinen har vore prøvd har den ført til katastrofale resultat. La oss ta eit land som Ecuador som ressursmessig liknar mykje på Noreg. Dei har fisk, fossekraft og olje. Alt skulle såleis leggje tilrette for at dette skulle vere eit svært godt land å bu i. Men kva har resultatet blitt? Samanbrot i økonomien, kaos og ekstrem fattigdom. Landet vert plyndra av multinasjonale konsern og verdiane ført ut av landet. Overalt har denne politikken ført til større skilnader og aukande fattigdom. Stagnasjonen i verdsøkonomien er også eit resultat av den same politikken. I Noreg vart denne politikken introdusert av Gro Harlem Brundtland med resultat den største vekst i arbeidsløyse og aukande forskjellar landet har sett. Arbeiderpartiet har sidan vore pådrivaren for den Friedmanske politikken her til lands. For å redusere offentlege utgifter har Arbeiderpartiet innført eigenandelar i helsetenesta, underregulert pensjonar, barnetrygd og overføringane til kommunane og det siste pensjonsreforma. Med omsyn til sal av offentlege verksemder og privatisering så var det Arbeiderpartiet som privatiserte Telenor, A/S-fiserte NSB og Posten og siste men ikkje minst delprivatiserte Statoil. Resultatet av delprivatiseringa av Statoil var i 2004 3,3 milliardar i utbytte til private aksjonærar hovudsakleg amerikanske storbankar. Prisen for Gro Harlem Brundtland sin reduksjon av inflasjonen var det største auke i arbeidsløysa vi har sett her til lands. Dei tette banda mellom AP og LO hindra LO i vera det bolverket mot liberaliseringsbølgja LO burde ha vore. Jf. elles LO sitt standpunkt i pensjonssaka. Skal Arbeiderpartiet få halda fram med sin nyliberalistiske politikk? Tenk over om det er av di interesse, når du skal stemme til hausten. Det fins gode alternativ. Det beste er RV.

Kristian Kjellstadli
RV i Ullensvang