Det stunder på nytt til val. Denne gongen har vi 2 klare regjeringsalternativ. Vi har den noverande samarbeidsregjeringa og det raud/grøne alternativet med AP, SV og SP. Kva den noverande høgredominerte regjeringa står for, det veit vi. Nye 4 år med den regjeringa vil ikkje vera meir enn ei katastrofe for landet. Den bør derfor bytast ut. Fleirtalet av veljarane har også fått nok av liberalisering og privatisering for ei tid og meinar det same. Det er store forventningar til ei ny raud/grøn regjering ute mellom folk. Vi i RV stør også det raud/grøne alternativet. Men i motsetnad til folk flest har vi ikkje så altfor store forventningar til ei slik regjering. Eg er stygt redd for at folk kjem til å verta alvorleg skuffa. Som Høgre har dominert den noverande regjeringa, kjem Arbeiderpartiet til å dominera den raud/grøne regjeringa. La oss derfor sjå litt på kva Arbeiderpartiet har stått for dei siste tiåra. Det var Arbeiderpartiet som fekk trumfa igjennom EØS-avtalen som gjer det vanskeleg for ikkje å seia umogleg å driva skikkeleg god gamal sosialdemokratisk fordelingspolitikk. Det var også Arbeiderpartiet som var initiativtakar til helsereforma med formål å redusere det offentlege helsevesenet og legge til rette for vidare privatisering. Det er no økonomien og ikkje folks behov som styrer. Ventelister er erstatta med ordrereservar og det er det som kjent bra å ha. Det var vidare Arbeiderpartiet som tok initiativet til arbeidslivsreforma. Føremålet var ikkje å styrkja arbeidarane sine rettar, men auka fleksibilitet. Til sist var det også Arbeiderpartiet som tok initiativet til pensjonsreforma. Det til no alvorlegaste angrepet på det sosiale tryggleiksnettet, nemleg Folketrygda. Føremål å spara offentlege utgifter og opna ein ny enorm marknad for privat profittkapital. Felles for alle desse AP-reformane er at dei skal vedtakast rett før eit val slik at folk ikkje for høve til å seia sitt i valet. Sv skal liksom vera garantisten for ein ny kurs, men ut frå tyngdelova er eg redd det er SV som må svelgja dei største og fleste kamelane i dette samarbeidet. Det trengs derfor meir enn nokon gong eit tredje alternativ til venstre for SV som kan minna dei raud/grøne om kva dei lova i valkampen. Ei stemme til RV vil derfor vera den beste garantien for at det verkeleg vert ein ny kurs.
Kristian Kjellstadli
RV i Ullensvang
|
|