Anti-landbruksminister Sponheim
I Nationen torsdag 18/8 kunne eg lesa at det er krise blant norske mjølkebønder. Heile 4,92% av alle mjølkebønder i Noreg ønskjer å selga kvotene sine og slutta med produksjon.
29.08.2005 08:59
Det er dramatiske tal, og ein skulle kunne venta at ein minister med ansvar for eit område med ei slik krise ville uttrykka uro. Det gjeld ikkje Landbruksminister Lars Sponheim frå Venstre. Til Nationen uttalar han at han er "fornøyd" med denne utviklinga, og at han meiner at dette gir større "muligheter for dem som ønsker å satse i næringen".

Det er tydeleg at Sponheim vil ha færre, og større bruk, helst så store at dei kan klara seg på den opne marknaden. I praksis tyder det at han er ein motstandar av store deler av landbruksnæringa i Noreg, som i internasjonal samanheng er basert på relativt små bruk. Den hestekuren Sponheim ønskjer for landbruket vil resultera i omfattande problem i distriktsnoreg, ikkje minst av di mykje av industrien er avhengig av landbruket i distrikta.

RV ønskjer den motsette utviklinga. Vi meinar at små bruk både er meir miljøvenleg, og skapar meir levande bygder. Vi vil jobba for ein landbrukspolitikk der det vert sikra skikkelege økonomiske rammer som gjer at bøndene kan slippa å uroa seg kvart år for om det skal vera noko framtid i drifta. Det krev satsing.

Det er snart val i Noreg. For meg vil det vera eit paradoks om bøndene røyster for å halda på anti-landbruksminister Sponheim. I praksis kan valet i Hordaland visa seg å stå mellom underteikna og Sponheim. Landbruket fortener betre enn politikarar som står og gliser medan slitne bønder gir opp etter mange år.

Torstein Dahle, leiar i RV og 1. kandidat i Hordaland