EU, fiskeria og kysten
Både i 1972 og 1994 var ein av hovudgrunnane til at JA-sida tapte, at kysten sa eit unisont nei i frykt for å missa kontrollen over fiskeressursane. Berre nasjonal kontroll med fiskeressursane kan sikra busettinga langs kysten.
17.08.2005 21:05
Unionistane på Ja-sida veit derfor at skal dei ha ein sjanse til å lukkast i ei eventuell 3. Folkerøysting, så må dei ha kysten med seg. Organisasjonen ?Kysten inn i EU? må ein sjå i ljos av dette. Men ser ein litt på kven som står bak organisasjonen, så vil ein fort oppdage at det er NHO og storkapitalen i havtrålar- og oppdrettsnæringa. Vanlege kystfiskarar skal du leite etter. Alibiet skal liksom vera Yngve Hågensen, men han sit vel som godt betalt styremedlem i eit eller anna trål- eller oppdrettesselskap. Organisasjonen sitt hovudarrangement er tollen på bearbeida fiskeprodukt. Men det er neppe denne tollen på 3,0 % som er årsaka til at mange i oppdrettsnæringa slit. Årsaka til vanskane må ein heller søkje i feilinvesteringar og ein feilslått distrikts- og fiskeripolitikk. Situasjonen i EU i dag er at alle fiskerinasjonane i EU har for lite fisk og for stor fiskeflåte. Det er ein overkapasitet på ca. 40 %. EU er ein stor nettoimportør av fisk. Ved eit eventuelt norsk og islandsk EU-medlemsskap, så vil det berre vera Norge og Island som har fisk å selja og som er nettoeksportør av fisk. Målet for EU sin fiskeripolitikk er lik tilgang til fiskeriressursane. Iflg. den nye EU-grunnlova skal EU ha einekompetanse på å ta vare på havets biologiske ressursar. For den øvrige fiskeripolitikken skal det vera såkalla delt kompetanse. Men i praksis vil det seia at det er EU som har det siste ordet også der. Kunne så Norge og Island ha dirigert EU sin fiskeripolitikk slik nokre på Ja-sida hevdar? Det er ingen av fiskerinasjonane i EU som har felles interesse med oss. Ved eit eventuelt EU-medlemsskap vil det bli Norge og Island mot resten. Med mellom 1 og 2 % av stemmene seier det seg sjølv kva slags påverknad vi kan ha. Utanfor EU så kan vi føra vår eigen sjølvstendige fiskeripolitikk. Kysten i Norge er nok no som før best tent med å stå utanfor EU.

Kristian Kjellstadli
RV i Ullensvang