EU og respekten for grunnlova
Både i 1972 og 1994 hadde vi rådgivande folkerøystinar om medlemskap i EU. I den norske forfatninga har vi ikkje noka ordning med bindande folkerøysting, men Stortinget kan be folket om råd gjennom ei rådgivande folkerøysting.
17.08.2005 21:03
Men det er uansett Stortinget som på fritt grunnlag skal ta stilling til spørsmålet om medlemskap. Når det gjeld så gjennomgripande suverenitetsavståingar som eit EU-medlemsskap, så krev Grunnlo0va at slike vedtak må gjerast med minst ¾ fleirtal. Det er fleire grunnar til dette. Eit så vidfemnande og avgjerande vedtak som å slutte seg til ein union bør det vere brei oppslutning om i folket og ikkje vera eit resultat av tilfeldige, kortvarige stemningsbølgjer. Her har vi med 2 grunnleggjande demokratiske prinsipp å gjera. Det eine er det viktige demokratiske prinsippet om respekt for mindretalet. Dette er spesielt viktig i ei så vidtrekkjande sak som medlemsskap i ein union. Det andre er at i så vidtrekkande saker er det viktig å tenkja seg godt om. Dei bør ikkje verta avgjort av tilfeldige stemningsbølgjer i folket.

JA-sida veit at skal dei følgje dei kloke og demokratiske spelereglane i grunnlova, så vil dei aldri få stort nok fleirtal for å gje opp vårt sjølvstende og slutte seg til ein union. Dei prøver derfor på ulike måtar å omgå desse reglane. Det gjer dei mellom anna ved å utlyse ei rådgivande folkerøysting. Dersom det vert eit ja-fleirtal i folkerøystinga; stort eller lite, så må Stortinget følgje denne. Alt anna vert framstilt som udemokratisk. Stortingsrepresentantar som er i mot skal tvingast til å stemma mot sitt samvit og si overtyding. ?Svært så demokratisk? Kvar er respekten for grunnlova og Eidsvollverket? Kvar er respekten for hevdvunne demokratiske prinsipp? For å gardera seg om dei ikkje får det til på ovenståande måte, så freistar dei no å få endra grunnlova slok at det greier seg med 2/# fleirtal. Respekten på JA-sida for demokratiske prinsipp står ikkje nett i høgsetet.

Kristian Kjellstadli
RV i Ullensvang