Ei forordning som såkalla europeiske selskap eller SE-selskap er på veg inn i det norske lovverket. Forordninga vart godkjent i Stortinget sitt EØS-utval i juni 2002. Dei skal no opp til vanleg lovhandsaming i Stortinget. Kva er så eit SE-selskap og kva får det å seia? For at eit selskap skal kunne registrere seg som SE-selskap må selskapet ha verksemd i minst 2 EU/EØS-land og ha ein aksjekapital på minst 120.000 euro (ca 1.000.000 kroner). SE-selskap er kobla fri frå skatte - og selskapsretten i det einskilde land og treng berre å rette seg etter den EU-retten som forordninga definerer. SE selskap kan fritt etablere seg med hovudkontor i kva EU/EØS-land det ønskjer berre ved å varsel SE-registaret 2 månader før flytting. På Oslo børs er det ca 150 selskap som utan vidare kan registrere seg som SE-selskap. Selskap som Statoil, Norsk Hydro, Kværner, Elkem, Telenor, Orkla mv. kan fritt etablere seg i kva EU/EØS land dei vil dersom dei finn dette teneleg. Selskapsskatten utgjer i dag ca. 120 mrd. kroner. Mykje av desse skatteinntektene kan verta borte. Viktige norske naturressursar kan koma i utanlandsk eige og dermed ut av norsk styring. VI vil få fri flyt av hovudkontor. Ordninga med SE-selskap er også godt eigna til å fråta arbeidstakarane opparbeidde rettar og å hindra dei i å ta del i styringa av verksemda. Det vert spanande og sjå kva LO-pampane seier til dette. Er det dette dei er så ivrige etter å få oss med i? Er det i så fall å ivareta arbeidsfolk sine interesser? Kva stilling Arbeidarpartiet tek til denne saka vil også klart demonstrere kven sine interesser dei representerar. Dette bør spesielt interessere LO-medlemmar og AP-veljarar. Følg med!
Kristian Kjellstadli
RV i Ullensvang
|
|