Kjøkkenmolbopolitikk!
Det er i dag to større velfungerande offentlege kjøkken i Odda.
15.07.2005 15:00
Kjøkkenet på Odda Sjukehus leverer mat til sjukehuset og til den kommunale sjukeheimen i nabobygget via ein underjordisk tunnell. Halvparten som jobbar her er kommunalt tilsette. Kjøkkenet på Bokkotunet leverer mat til Bokkotunet, omsorgssenteret på Eide og til eldre og pleietrengande elles i Odda. No har fleirtalet i formannskapet med AP/SV/SP i spissen vedtatt å byggje nytt Storkjøkken på Bokko til 10,6 mill. Det eksisterande kjøkkenet i Bokkotunet skal bli ?reinska?, slik at berre bygningsskalet står att. Arealet skal doblast og nytt inventar og utstyr til 3,5 mill. skal inn for å kunne doble produksjonen til ca. 300 middagar pr. dag , inkludert til noverande sjukeheim og evt. til sjukehuset. Kostnadsauken frå 6,3 til 10,6 mill.
( 40% ) er ikkje kritisk vurdert. Dette sentraliserte drifts- og transportopplegget er ikkje utgreidd i sakspapira, heller ikkje alternative løysingar. I Odda kommunestyre fekk RV-representant Terje Larsson fleirtal for å gå i dialog med Odda Sjukehus for å få vurdert det eksisterande kjøkkenet på sjukehuset som eit alternativ. Utan at denne saka eingong var drøfta politisk med styret i Helse Fonna, avviste fleirtalet i formannskapet den 28.juni å gå vidare på dette alternativet. Eg foreslo at formannskapet i alle fall tok ei synfaring på kjøkkenet på sjukehuset og på Bokkotunet for å få vurdert å utvikle ein kombinasjon av desse to eksisterande kjøkkena istadenfor å byggje eit heilt nytt storkjøkken. Etter RV sitt syn kunne eit alternativ med ein viss bygningsmessig opprustning og innkjøp av eindel nytt utstyr på dei to eksisterande kjøkkena spart kommunen for mange millionar.Men ein slik desentralisert produksjonsmodell og god samhandling mellom dei eksisterande kjøkkena var ikkje fleirtalet i formannskapet overhode ikkje interessert i å sjå nærare på. Det vart hevda at Odda kommune er i akutt tidsnaud. Men det blir totalt ikkje fleire institusjonsplassar i Odda om eitt år. Då blir dagens sjukeheim redusert frå 68 til 23 plassar, medan den nye sjukeheimen på Bokko får 32 nye plassar. Då kunne kjøkkenet på sjukehuset levert mat til Eide (32 plassar) og avlasta kjøkkenet på Bokko-tunet, som skal levere mat til sjukeheimen på Bokko (32 plassar). Det blir og hevda at kjøkkenet på sjukehuset ikkje har kapasitet nok. Men i formannskapsmøtet kom det fram at i det halve året kjøkkenet på Bokkotunet er heilt stengt på grunn av byggearbeidet, skal kjøkkenet ved sjukehuset levere all mat til instituasjonane (inkl. til Bokkotunet og Eide) og eldre og pleietrengjande i Odda ? i tillegg til sjukehuset og sjukeheimen!
Å byggje ned eller leggje ned noe som fungerer bra berre for å byggje opp noe stort og dyrt og nytt, er sjeldan fornuftig . Dei borgarlege partia sitt framlegg om at all produksjon av mat til eldre og uføre i Odda kommune skulle lysast ut på anbod, er heller ikkje eit fornuftig og forsvarleg alternativ. RV sitt tredje alternativ kunne ha sikra både ein forsvarleg, desentralisert og rimelegare kjøkkenpolitikk - og god mat til sjuke, eldre og pleietrengjande i Odda.

Terje Kollbotn (RV)