Demokrati på AP-vis
Arbeiderpartiet har ei merkeleg form for demokrati og utmerkjer seg ikkje når det gjeld demokratisk sinnelag.
Innlegg av Kristian Kjellstadli, Ullensvang RV
15.06.2005 13:54
La oss gå attende til 1994 og EU-kampen. Då uttalte Gro Harlem Brundtland at EU-saka ikkje burde vore lagt ut til folkerøysting. Dette var ei altfor vanskeleg sak for folk flest. Dette vitnar både om mangel på demokratisk sinnelag og ein ufyseleg arroganse. Då EØS-avtalen skulle vedtakast tok Gro Harlem Brundtland konsekvensen av sitt standpunkt. Her skulle ikkje folket høyrast. Ho sørgde for å få den gjennom i Stortinget rett før valet og fekk god hjelp av Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti. Demokratisk sinnelag står vist ikkje særleg høgare der i garden heller. Sidan den gong er det blitt ein vanleg praksis i Arbeiderpartiet å syta for å få større og vanskelege saker igjennom i Stortinget rett før eit val. Folket må for ein kvar pris ikkje få høve til å seia sitt i eit val. Det skjedde med sjukehusreforma i 2001 og no i 2005 med arbeidslivsreform og pensjonsreform. Vi veljarar skal aller nådigst få lov å stemme, men større saker skal vi skånast for å ta stilling til. Det forma for demokrati Arbeiderpartiet praktiserar liknar meir og meir på eit elitestyrt fåmannsvelde enn på demoktratisk folkestyre. Dette bør veljarane merke seg i valet til hausten. Vi i RV har vern om demokrati og velferd som våre 2 viktigaste valkampsaker.