Den nasjonale kampen om vasskrafta og EØS
Artikkel om heimfallsretten og den nasjonale kampen om vasskrafta og EØS. Av Terje Kollbotn, leiar i Hordaland RV og gruppeleiar for Odda RV.
29.08.2005 09:03
Terje Kollbotn
Foto: O.M. Melgård
Marknadsliberalistisk kraftrevolusjon i Norge
Etter at den nye enerilova og EØS-avtalen vart vedtatt av Stortinget tidleg på 1990-talet, starta for alvor ein marknadsliberalistisk kraftrevolusjon i Norge. Dette representerer eit historisk brot med ein nasjonal kraft- og konsesjonspolitikk som vart utvikla etter 1905. Kampen om samfunnstyring og nasjonal kontroll over vasskrafta og heimfallsretten bør bli ei sentral sak i den komande valkampen og i markeringa av 100-årsjubileet for unionsoppløysinga.

Heimfallsretten - ei viktig valkampsak
Dei seinare åra har overvakningsorganet for EØS-avtalen, EFTA Surveillance Authority (ESA) i Brussel, kritisert industrikonsesjonslova i Norge for å vere i strid med EØS-avtalen og EU sitt regelverk spesielt når det gjeld vasskraftsektoren og heimfallsretten. Dette gjeld m.a. artiklane 31 om fri etableringsrett og 40 om fri kapitalrørsle. På denne bakgrunn vedtok regjeringa tidleg i 2003 å setje ned eit breidt samansatt utval for å vurdere korleis den norske heimfallsretten i framtida bør utformas. Utvalet la fram si innstilling 30. november 2004, med ei rekkje lovframlegg for å tilpasse norsk lovgjeving til EØS-avtalen (NOU 2004:26). Fleirtalsinnstillinga har innan høyringsfristen fått inn mange kritiske fråsegner, ikkje minst frå kommunar og fylkeskommunar. Like før påske slo olje- og energiminister Torhild Widvey (H) fast at det ikkje var aktuelt for regjeringa å kome med eit endeleg lovforslag før somaren. Dette vert soleis eit viktig tema i den komande valkampen.

Les heile artikkelen her (Word-dokument)